Poliklinikken tek seg av pasientar som har behov for undersøking og behandling av sjukdomar i tenner, munn og kjeve.
Pasientane må være tilvist frå tannlege eller lege.
Operasjonane blir oftast gjort med lokalbedøving, av og til i narkose.
Den offentlege tannhelstenesta i Sogn og Fjordane utfører tannbehandling i narkose på poliklinikken.
NB:
Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post. Sjukehusa våre har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende pasientjournalar via e-post. Dersom innhaldet i e-posten er av eit slikt innhald at den skal sakshandsamast, vil den bli lagt inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår.