
KK med sine ulike seksjonar gjev spesialiserte tenester innanfor kvinnehelse-og kvinnesjukdomar.
KK tilbyr undersøkingar og hjelp ved underlivssjukdommar. Det vanlege er at kvinna kjem til Kvinneklinikken etter tilvising frå fastlegen eller annan lege.
Ved spørsmål om prøverøyrsbehandling tek vi forundersøkingar, og tilviser til anna sjukehus når undersøkingane er utført.
Fødslar tidlegare enn 8 veker før termin og operasjon eller strålebehandling for visse kreftsjukdommar blir sendt til Kvinneklinikken, Haukeland Sjukehus.
Gjennom samarbeidet i Helse Vest er Kvinneklinikken, Haukeland Universitetssjukehus vår naturlege samarbeidsavdeling. Kvinneklinikken har og samarbeid med andre behandlingsavdelingar i utlandet.
NB:
Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post. Sjukehusa våre har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende pasientjournalar via e-post. Dersom innhaldet i e-posten er av eit slikt innhald at den skal sakshandsamast, vil den bli lagt inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår.