Designelement
 

Når kontakte fødeavdelinga? 

 
 

Når skal du ringje?

Ring jordmor når eitt av følgane skjer:

  • Når riene kjem regelmessig med 5-10 minutt opphald i mellom og dei aukar i styrkje. I dagane før fødsel kan ein ha rier som stopper for så å starta på nytt nokre timar seinare
  • Når fostervatnet er gått
  • Ved bløding
  • Ved smerter
  • Dersom du føler deg usikker på noko

Det er særskilt viktig å ta kontakt om nokre av desse tinga skjer før veke 34!

Når skal ein reise til fødeavdeling?
Kva skjer under ein fødsel? Kva er normalt? Kva med tida etterpå?

Det er mange spørsmål som dukkar opp i samband med svangerskap, fødsel, og barseltid. Vi håpar at vi på desse heimesidene kan gje deg svar på nokre av spørsmåla som vi erfaringsmessig veit at du kan ha. Vær likevel ikkje redd for å spørje dersom noko er uklårt eller det er noko du kjenner deg usikker på. Hugs at vi er her for dykk!

I dag planlegg dei komande foreldra sitt svangerskap og sin fødsel. Vi vil gjere vårt beste for at forventingar, ønskje, og behov vert oppfylt.

Pakk minst mogeleg!

  • helsekort for gravide

  • blodprøvelappen (3 stk. om du er Rh. neg.)
  • komfortable kler og slippers til innebruk
  • toalettsaker

     


Publisert 31.07.2012 14:02 | Endret 06.11.2012 12:40 

 Kontakt oss:

Telefonar:
Førde 57 83 92 33
Lærdal 57 64 02 00
Nordfjordeid 57 86 42 00
Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post. Sjukehusa våre har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende pasientjournalar via e-post. Dersom innhaldet i e-posten er av eit slikt innhald at den skal sakshandsamast, vil den bli lagt inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Bernt Ove Flekke | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter Vimeo flickr