Avdelinga rommar histologisk laboratorium med immunhistokjemisk seksjon, ein romsleg og moderne obduksjonssal og ein cytologisk seksjon. Det er felles prøvemottak for alle typar vevs- og celleprøvar.
Vi har sidan juni 2007 tatt hand om (med få unntak) alle vevs- og celleprøvar frå Helse Førde (Sentralsjukehuset og lokalsjukehusa) og tek histologiske prøver. I tillegg til cytologiske prøver, dei fleste av desse frå finnålspunksjonar. Vi gjer no vel 50 obduksjonar kvart år, av desse er 20-25 prosent perinatale undersøkingar (fosterobduksjonar).
Avdelinga nærmar seg no full bemanning og målsettinga er då å undersøkje alle vevsprøvar frå legekontora i Sogn og Fjordane.
NB:
Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post. Sjukehusa våre har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende pasientjournalar via e-post. Dersom innhaldet i e-posten er av eit slikt innhald at den skal sakshandsamast, vil den bli lagt inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår.