Revmatologisk avdeling har ansvar for diagnostikk og behandling av pasientar med revmatiske sjukdommar i Sogn og Fjordane. I første rekke gjeld dette pasientar med inflammatoriske (betennelsesaktige) revmatiske sjukdommar som kronisk leddgikt, psoriasisleddgikt, Bekhterevs sjukdom og ulike bindevevssjukdommar som systemisk lupus og liknande. I tillegg har vi osteoporose-poliklinikk.
Det meste av behandlinga føregår poliklinisk, men vi kan og legge inn pasientar til utredning, behandling og opptrening når det er naudsynt. Vi har liten kapasitet for innlegging til opptrening, men har i tillegg eit dagtilbod med ulike ordningar for overnatting for dei som er sjølvhjelpte. Vidare har vi kurstilbod for ulike pasientgrupper som leddgikt, Bekhterevs sjukdom og osteoporose.
Ved osteoporosepoliklinikken møter pasienten sjukepleiar som gjennomfører måling. Sjukepleiar gjer og ein individuell risikoanalyse med utgangspunkt i eit spørjeskjema som pasienten har fylt ut på førehand og informerer om førebyggande tiltak. Måleresultatet vert vurdert av lege og det vert gjeve råd om oppfylging.
NB:
Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post. Sjukehusa våre har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende pasientjournalar via e-post. Dersom innhaldet i e-posten er av eit slikt innhald at den skal sakshandsamast, vil den bli lagt inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår.