Designelement
 

Fritt sjukehusval 

 I Norge er det rett til fritt sjukehusval

Dette betyr at du som pasient fritt kan velje kva sjukehus du vil ha behandling ved.

Om du ønskjer å søkje behandling ved offentlege, somatiske sjukehus på sentral- og lokalnivå i andre regionar, kan du gjere dette utan å søkje om garanti. Ordninga gjeld òg for einskilde private sjukehus (dei som har avtale med regionalt helseføretak).

Når du nytter deg av retten til fritt sjukehusval, må du dekkje inntil 400 kroner i eigendel kvar veg for reisa. Dette beløpet får du ikkje påført eigendelskortet. Resten blir dekka av Folketrygda. Søknaden kan sendast direkte frå din fastlege.

Ved tilvising til utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta, skal tilvisinga sendast det sjukehuset som pasienten høyrer til. Dersom pasienten ønskjer det, kan tilvisinga sendast til eit anna offentleg eller privat sjukehus som eit regionalt helseforetak har avtale med.

Opplysningar om ventetider og anna informasjon om fritt sjukehusvalg:

I akutt hjelp situasjonar har pasienten ikkje rett til å velje sjukehus.

Meir informasjon om fritt sjukehusval kan du få ved å ringe grønt nummer 800 41 004, eller ved å besøke nettstaden www.frittsykehusvalg.no
.

 Lenkjer

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post. Sjukehusa våre har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende pasientjournalar via e-post. Dersom innhaldet i e-posten er av eit slikt innhald at den skal sakshandsamast, vil den bli lagt inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Bernt Ove Flekke | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter Vimeo flickr