Designelement
 

Pasientopplæring, læring og meistring 

Stadig fleire får kroniske sjukdommar og/eller nedsett funksjonsevne. Opplæring av pasientar og pårørande er ein av spesialisthelsetenesta sine 4 hovudoppgåver. Dette blir avspegla både i nasjonale, regionale og lokale føringar. I Helse Førde HF er Lærings- og meistringssenteret tillagt ein støttefunksjon knytt til gruppebasert opplæring for alle kliniske avdelingar i helseføretaket (også ved lokalisasjonane i Florø, Lærdal og på Nordfjordeid).

 
Denne typen helsetenester krev brei tverrfagleg tilnærming og samarbeid på tvers av forvaltnings-nivå og avdelingsgrenser. Ein overordna tanke bak pasientopplæring, lærings- og meistringsaktivitetar er at ansvaret i høve til konkrete diagnose/ pasientgrupper ligg hos dei aktuelle fagområda. Dei har gjennom lovverket ansvar for pasientopplæring som ein del av sin "behandlingskjede".


Lærings og mestringssenteret skal bidra til utvikling av gode metodar for kunnskapsformidling og koórdinere pasient- og pårørandeopplæring. Opplæringstilboda skal ha eit tverrfaglig fokus der og erfarne brukarrepresentantar og/eller interesseorganisasjonar har ein sentral plass.

  

Fellesnevnaren for Lærings- og meistringssenteret er at ein i mange samanhengar fungerer som eit bindeledd mellom første- og andrelinjetjenesta.

 Våre funksjonar

 Kontaktinformasjon:

Telefon 57 83 98 70 - Telefaks 57 83 98 75
post@helse-forde.no

Telefontid: 09.00 - 12.00

Postadresse:

Helse Førde, LMS, serviceboks 1000, 6807 Førde.

Besøksadresse: Vie senter (ved Rema 1000), 6807 Førde

 Verdt å vite

 Neste opplæringstilbod

 Opplæringstilbod A - Å

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Vi gjer merksam på at e-post til Helse Førde ikkje må innehalde spørsmål om helsetilstand eller andre personlege sensitive opplysningar. Alle helserelaterte tilbakemeldingar skal føregå per telefon eller brev. Dette av omsyn til personvernet.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Arne Eithun | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter /