Dine rettar
Du har rett til å få dekka nødvendige utgifter når du skal reise til og frå behandling. Hovudregelen er at du får dekka billegaste reisemåte med rutegåande transport tur/retur næraste behandlingsstad.
Pasienten får utgiftene refundert etter å ha sendt reiserekning til helseføretaka sitt senter for pasientreiser i Skien. Skjema og ferdig adresserte konvoluttar finn du hos behandlar.
Her sender du reiserekninga:
Helseforetakenes senter for pasientreiser ANS,
Postboks 2533,
3702 Skien
For meir informasjon om retten til å få dekka pasientreiser sjå pasientreiser.no
Pasientreise med rekvisisjon i Helse Førde
Pasientreiser Helse Førde er ansvarleg for reiser med rekvisisjon i Helse Førde HF.
Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan ta rutegåande transport, eller når det manglar rutegåande transport, kan du få rekvisisjon til anna transport. Dette må godkjennast og rekvisisjon må føreligge i førekant av reisa.
-
Behandlar lagar rekvisisjon:
Rekvisisjonen du får kan anten vere elektronisk eller på papir.
-
Bestilling av reise ved elektronisk rekvisisjon:
Behandlar registrerer reisa elektronisk og pasienten treng ikkje ringe inn bestillinga. Pasienten kan eventuelt be behandlar om ei utskrift av den bestilte reisa.
Elektronisk rekvisisjon:
Helse Førde er på lik linje med andre helseføretak i landet i ferd med å gå over til å bruke elektronisk rekvisisjon. Helsepersonell vil informere deg om dette.
-
Bestilling av reise ved papirrekvisisjon:
Har du mottatt papirrekvisisjon av din behandlar må du ringe 05515 for å bestille reisa.
Bestill reisa til behandling seinast klokka 13.00 yrkedagen før reisa skal gjennomførast.
-
Når det manglar rutegåande transport:
Når det manglar rutegåande transport skal du kontakte Pasientreiser på 05515. Dei vil hjelpe deg med tilrettelegging av transport til og frå behandling.
-
Endre eller avbestille reise:
Endrar eller avbestiller du time hos behandlar er det du som pasient sitt ansvar å avbestille transporten. Ring 05515. Vi har opningstid måndag – fredag kl 07.30-17.00.