Dette er ...
Samhandling
Helse Førde ønskjer at vi i Sogn og Fjordane skal gje eit heilskapleg tilbod med høgast mogleg fagleg og brukaropplevd kvalitet.
Samarbeidet mellom Helse Førde og brukarane og kommunane i fylket byggjer på likeverdig samarbeid, forankring både på leiarnivå og hos fagpersonane, gjensidige forventningar og dialog. Denne nettsida vart oppretta i etterkant av Samhandlingskonferansen i 2004.
Samhandlingskonferansen har vore ein årleg konferanse sidan 2003, der representantar frå 1. og 2. linjetenesta i Sogn og Fjordane møtest for å drøfte samarbeidstilhøve.
Rutinar og skjema som de finn på denne sida er utforma av arbeidsgrupper med representantar frå både kommunane og Helse Førde - somatikk og psykiatri. Arbeidet starta hausten 2002, og rutinar/skjema var klare til samhandlingskonferansen i februar 2003. Sidan den tid er dei evaluerte og reviderte, og det har kome til fleire rutinar og skjema. Det er vedteke i Koordineringsrådet at desse rutinane skal vere dei gjeldande. Resultatet av arbeidet vart kalla "Sogn og Fjordane-modellen".
|
|
|