For å få eit godt samarbeid, forbetring og læring, er det viktig å melde frå om uønskte hendingar, både internt i Helse Førde og mellom kommunane og Helse Førde.
Helse Førde har utarbeidd eit skjema som kan nyttast til å melde frå om avvik og forbetringsforslag, men det kan og nyttast eigne skjema eller ein kan sende inn avvik i form av brev.
Avvik til Helse Førde skal sendast til:
Helse Førde HF
Fagutvikling og samhandling
Postboks 1000
6807 Førde
E-post: postmottak@helse-forde.no (send ikkje sensitiv informasjon i epost. Slik informasjon skal sendast pr. post). Melding til Helse Førde vert registrert i avvikssystemet Synergi, og utskrift av dette vert sendt til meldar i den aktuelle kommunen når saka er ferdig behandla.
Skjema finn du her: Avviksmeldingsskjema Avvik som skal meldast i våre system kan delast i fire hovudområde:
- PASIENT (pasienttryggleik)
- TILSETT (arbeidsmiljø)
- DRIFT (utstyr)
- IKT/informasjonssikkerhet
Kvifor skal vi melde avvik? - Skape forbetring
- Lære av feil som blir gjort
- Få betre samarbeid
- Dokumentere kva som ikkje fungerer godt nok
- Meldte avvik dannar grunnlag for å lage ROS-analyse (risiko- og sårbarhets-analyse)
- Meldeplikt til t.d. Helsetilsynet, Arbeidstilsynet
- Vi skal ta ut statistikk som viser kvalitet på tenestene, og gjev informasjon om forbetringsområde/fokusområde både på einingsnivå og på overordna nivå