 |
Anne Stubdal; Kommunelege/fastlege i Stryn. Praksiskonsulent i 20% stilling. Kontakt for kommunane i Nordfjord. Hovudansvarsområde for tida fleire prosjekt i Nordfjord - bl.a. svangerskap og fødetenster. Epost: anne.stubdal@helse-forde.no Mobil: 41675553
|

|
Tor Vidar Myklebust; Kommunelege/fastlege i Naustdal. Praksiskonsulent i 10% stilling. PKO kontakt for kommunane i indre Sogn og indre Sunnfjorrd. Hovudansvarsområder for tida prosjekt innan ortopedi og vaksenpsykiatri. Epost: tor.vidar.myklebust@helse-forde.no Mobil: 91685856 |
 |
Normund Svoen; Kommunelege/fastlege i Flora. Praksiskonsulent i 20% stilling. PKO kontakt for kommunane i ytre Sunnfjord og ytre Sogn. Hovudansvarsområder for tida prosjekt innan diabetes og barne- og ungdomspsykiatri Epost: normund.rolleiv.svoen@helse-forde.no Mobil: 95770807 |
Praksiskonsulentordninga er eit nettverk av allmennpraktiserande legar som skal medverke til å styrke samarbeidet mellom avdelingane på sjukehuset, legane deira og andre tilsette, dei allmennpraktiserande legane og den kommunale pleie- og omsorgstenesta, til gagn for den enkelte pasient. Ordninga vart starta opp i Helse Førde i 2007.
Praksiskonsulentane har mellom anna fylgjande oppgåver:
- Vere med på å utvikle eit godt samarbeid mellom primær- og spesialisthelsetenesta
- Tiltak for betre pasientflyt
- Utarbeiding av retningsliner for god tilvisings- og utskrivingspraksis og skriving av gode epikriser
- Vere med på å betre informasjonsflyten mellom primærhelsetenesta og helseføretaket
- Etablere og rettleie om rutinar for samhandling
- Legge til rette for gjensidig hospitering
- Arrangere helsepersonellmøter
Nærare informasjon om praksiskonsulentordninga i Norge: www.pko.no
Det er no etablert tre praksiskonsulentstillingar i Helse Førde - to 20% stillingar og ei 10% stilling. Praksiskonsulentane med ansvarsområder er presentert på denne sida.
Nytt frå praksiskonsulenten er eit elektronisk nyhendebrev som vert utsendt til alle kommunar og legekontor 4-5 gonger i halvåret. Nyhendebrevet kan til ei kvar tid lesast ved å klikke på linkane under fanen "Nytt frå praksiskonsulenten"
PKO prosjekta som til ei kvar tid er er under arbeid er presentert under fanen "PKO prosjekt". Når prosjekta er klare til å bli presentert vil linkane bli aktive, og interesserte vil kunne klikke seg vidare for å studere prosjekta. Pr. 01.12.09 arbeider vi med samhandlingsprosjekt i diabetes, ADHD og svangerskapsomsorg/fødetenester. Prosjekta er nærare omtalt i "Nytt frå praksiskonsulenten".
Klikk på PKO prosjekt så finn du prosjekta vi jobbar med.
Kurs og konferanser
- lenke til kopi av foredrag frå helsepersonellmøter, samhandlingskurs osv. relevant for primærlegar og spesialistar
Det er sterkt ønskjeleg at både sjukehusavdelingane og allmennlegane i kommunane kjem med innspel til praksiskonsulentane. Samhandling har mange utfordringar, og med avgrensa tid til rådvelde er det viktig med innspel om kva ein bør prioritere.