Med heimel i kommunehelsetenestelova og sosialtenestelova har kommunane ansvar for helse- og omsorgstenestene i kommunane, medan helseføretaket har med heimel i spesialisthelsetenestlova og lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern, ansvar for spesialisthelsetenestene i opptaksområdet. Lov om pasientrettar regulerer pasientane sine krav om rett til helsehjelp, medverknad og informasjon.
Møtet mellom pasient og tenesteytar er testen på kor godt helsetenesta fungerer. Det er ofte dei pasientane som har det vanskelegast og som er mest sårbare som har størst behov for ei heilskapleg helseteneste. Dei største utfordringane for samhandling mellom nivåa er når tilboda frå spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta er avhengig av kvarandre eller må ytast samtidig. Det er viktig å sikre brukarane av tenestene muligheit for medverknad, oversikt, plan og kontinuitet i tilbodet. Dette krev samarbeid med pasienten og koordinering mellom kommunane og spesialisthelsetenesta.
Målet er å sikre eit godt og effektivt samarbeid mellom kommune og helseføretak for å kunne gje eit heilskapeleg tilbod med høgast muleg fagleg og brukaropplevd kvalitet. Samarbeidet skal byggje på desse momenta:
- Likeverdig samarbeid
- Forankring på leiarnivå og hjå fagpersonane
- Gjensidige forventningar
- Brukarmedverknad
- Dialog mellom partane
Partane i dette samarbeidet er Helse Førde HF og den enkelte kommune i opptaksområdet; Aurland, Lærdal, Årdal, Vik, Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand, Høyanger, Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Gaular, Førde, Flora, Bremanger, Vågsøy, Selje, Hornindal, Stryn, Gloppen, Eid, Jølster, Naustdal.
Dialogmøtet er eit møte mellom styret i Helse Førde HF og politisk leiing i kommunane og fylkeskommunen. Styret i Helse Førde HF inviterer fylkesordførar og ordførarar i kommunane to gonger per år for gjensidig informasjon og dialog om saker av strategisk og helsepolitisk karakter for helsetenesta i fylket.