Bakgrunn
Helse Førde har sidan september 2004 gitt tilbod om sjukehushygienisk assistanse til dei kommunale helseinstitusjonane. Det er tilsett ein hygienesjukepleiar i 100% stilling for å ta seg av dette arbeidet. Sidan 1996 har det vore eit forskriftskrav at alle helseinstitusjonar som driv heildøgns pleie- og omsorg skal ha eit infeksjonskontrollprogram. Kommunane kan velje å utarbeide dette sjølv, eller kjøpe hjelp frå helseføretaket i sin region. Ordninga kom i gang i 2004. Alle dei 26 kommunane i fylket har teke imot tilbodet om sjukehushygienisk assistanse frå Helse Førde. Kommunane må betale for tenesta, frå 2010 må dei betale kr. 7,50 pr. innbyggjar i kommunen.
Innhaldet i tilbodet
Alle tilsette i institusjonane får opplæring i infeksjonsførebyggjande arbeid og i prosedyrane dei skal arbeide etter. I tillegg til opplæringa, utarbeider hygienesjukepleiar i samarbeid med institusjonen skriftlege prosedyrar som er tilpassa den enkelte institusjonen. For å sikre at tiltaka blir sett i verk - og etterlevd, utfører hygienesjukepleiaren internrevisjon med påfølgande undervisning. Alle institusjonane får tilbod om besøk av hygienesjukepleiar minst ein gong i året.
Når det gjeld infeksjonsovervaking får kommunane tilbod om hjelp til infeksjonsregistrering.
Kommunane får to gonger i året invitasjon til ein fagdag, der vi tar opp tema av spesiell interesse, og alle helsearbeidarar, kommunelegar, smittevernlegar og tilsynslegar i kommunen får invitasjon.
Utbrot av smittsame sjukdomar
Hygienesjukepleiaren i Helse Førde arbeider tett opp mot dei institusjonane som har trong for hjelp når det dukkar opp særlege smittevernutfordringar, som til dømes utbrot av meticillinresistente gule stafylokokkar (MRSA) eller norovirus (omgangssjuke).
Kontaktinformasjon:
Hygienesjukepleiar Karin Harris (biletet), tlf. 57 83 98 41 eller karin.harris@helse-forde.no