Fagkurs

Fagdag geriatri 2023

Velkomen til ny fagdag i geriatri på Førde Sentralsjukehus. Fagdagen blir gjennomført i Auditoriet, 2. et. i Svanabygget. Auditoriet har 120 sitjeplassar. Arrangementet blir også delt via internett.

Passert
21.
september
2023
  1. 21. sep. 2023, 08:00 - 15:45

Tid og stad

Når

  1. 21. sep. 2023, 08:00 - 15:45

Type arrangement

Fagdag

Spesialitet

Geriatri

Arrangør

Arrangert i samarbeid med Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling, SESAM.

Påmelding

Frist for påmelding: 15. sep. 2023


Gode helsetenester til den sårbare eldre pasienten



Fagleg mål

Å ha betre merksemd på den eldre pasienten i spesialisthelsetenesta, bygge kompetanse i geriatrifaget og styrke engasjementet med arbeid for eldre.

2023-06-13_fagdag geriatri.jpg


Ansvarlege 

Ansvarlege for fagdagen er Helse Førde og Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling, SESAM. Representant frå Helse Førde er overlege Eva Søgnen ved medisinsk avdeling, og for SESAM, spesialsjukepleiar Greta Gard Endal.
Med i planleggingsgruppa er sjukepleier Anja Selstad frå ortopedisk avdeling og sjukeheimsoverlege Mariann Kapstad frå Førde omsorgssenter.

Kven kan delta

Tilsette i Helse Førde er prioritert til fagdagen. Det går òg ut invitasjon til fastleger i Helse Førde sitt område. Så langt det er plass, er tilsette i heimetenester og sjukeheimar i regionen velkommen. Det vil bli mogleg å følgje fagdagen digitalt. 
Lenke til denne strømmen blir publisert seinare.

Fagleg utbytte

Fagdagen er godkjent teljande med 7 timar til klinisk stige i NSF og Lægeforeningen. I Lægeforeningen er fagdagen godkjent som emnekurs i allmennmedisin, geriatri og alders- og sjukeheimsmedisin.

Pris

Fagdagen er gratis for alle.

Lunsj

Det vil bli servert enkel lunsj frå kantina. Har du allergiar i forhold til mat er det fint om du nemner det ved påmelding.



Program

***
08.00 - 08.45

Kven er den sårbare eldre pasienten

Ved Eva Søgnen, overlege og spesialist i hjartesjukdommar og indremedisin. Medisinsk avdeling i Helse Førde.
09:00 – 09:45

Fall

Ved Sine Voll Aasen, LIS 3 – utdanningskandidat i geriatri
Medisinsk avdeling i Helse Førde

09:50 – 10:35

Alzheimers sjukdom

Paal Naalsund, seksjonsoverlege geriatrisk seksjon
Medisinsk klinikk ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus
10:45 – 11:30

Hørsel og kognisjon

Paal Naalsund, seksjonsoverlege geriatrisk seksjon
Medisinsk klinikk ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus
11:40 – 12:25

Status geriatri i Helse Førde / SESAM

Ved person frå Helse Førde og SESAM
12:25 – 13:15

Lunsj

13:15 – 14:00

Depresjon hjå eldre

Ved Gro Selås, overlege psykiatri, Indre Sogn psykiatrisenter
14:05 – 14:50

Sorg i eit pasientperspektiv

Ved Helene Langeland, sjukehusprest i Helse Førde, Marte Hauge Aase, kreftsjukepleier ved Kompetansesenter i lindrande behandling i Helse Førde og Førde Omsorgsenter
15:00 – 15:45

Panelsamtale om sorg i eit pasientperspektiv

Mellom Helene Langeland, sjukehusprest, 
Marthe Hauge Aase, kreftsjukepleier,  
Gro Selås, psykiater og 
Eva Søgnen, overlege 


Kontakt