Pasientkurs

Foreldrestøtte - pubertet

Dette kurset er for foreldre som har barn med diagnosen utviklingshemning og/ eller eit syndrom i alderen 10 –15 år. Det vert ein intensiv dag med innhald frå biologiske- og psykologiske prosessar som skapar endringar hjå den enkelte og krev tilrettelegging av miljøet rundt barnet/ungdommen. I løpet av dagen vil ein få innspel på emner som kan være nyttig for foreldre å ha kompetanse på knytt til pubertet og seksuell helse. I tilegg vil det bli gitt faglige råd og erfaringar på kva fokusområder som kan bidra til at ein som foreldre kan stå tryggare gjennom puberteten. Det vert lagt vekt på gjennom kursdagen at ein får drøfte kring tematikken og dele erfaring med kvarandre.

18.
september
2024
  1. 18. sep. 2024, 08:30 - 15:00

Tid og stad

Når

  1. 18. sep. 2024, 08:30 - 15:00

Arrangør

Om bornet/ungdommen ikkje har eit tilbod ved HABU per dags dato trengst det ei tilvisning frå fastlegen for deltaking på kurset.  

Kurset startar 08:30 og avsluttast 15:00  

Program: 

  • Registrering og ønske velkommen 
  • Pubertetsutvikling ved eit lege / spesialfysioterapeut perspektiv.
  • Korleis skape kjensle av meistring og å vere sjølvstendig? V/spesialergoterapeut.
  • Ungdomshjernen, identitetsutvikling og ivaretaking av familien v/psykolog.
  • Korleis skape gode vanar, når kvardagen krever?v/ Klinisk Ernæringsfysiolog
  • Korleis arbeide for å utvikle ein sunn seksualitet. Beskyttelsesfaktorar m.m. v/sjukepleiar og vernepleiar.
  • Spørsmål, Evaluering og tilbakemeldingar 

 

Dette kurset er det første i sitt slag ved HABU Førde og difor ein pilot for å samle erfaringar til vidare kurs knytt til tematikken pubertet og seksuell helse.  

 

Praktisk informasjon

Foreldre som er i arbeid og har ansvar for eit langvarig sjukt eller funksjonsnedsetta barn kan søkje om opplæringspenger. Opplæringspenger bereknast på samme måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær ifrå arbeid for å vere med på opplæringa. Ein får søknadsskjema hjå avdelinga.

For å ha rett på opplæringspenger må ein oppfylle kravet om å vere fråværende ifrå jobb i 7,5 timar per dag, der reisetida er inkludert.

Dersom ein ikkje oppfylle kravet til opplæringspenger kan ein eventuelt søke om velferdspermisjon hjå sin arbeidsgjevar.

Ein har mulighet å kjøpe lunsj for 80 kr. Kontant betaling eller vipps. Gi beskjed ved spesielle behov/allergier.

Ta kontakt med pasientreiser på telefon 05515 eller pasientreiser.no ved behov for tilrettelegging av reisa.

 

Kontakt