Psykiatrisk klinikk - Rus døgn

Vi held til på Tronvik og tilbyr tverrfagleg spesialisert døgnbehandling (TSB) til menneske med rusproblem. Vi er ein døgnpost med 15 plassar.

TSB er heimla i spesialisthelsetenestelova, og pasientane sine rettar går fram av Lov om pasientrettar.

Personar over 18 år med rusrelaterte skader/lidingar etter bruk av ulike rusmidlar og som har psykiske lidingar, pasientar knytt til §12 i Lov om straffegjennomføring og LAR

Ynskjer du hjelp hjå oss kan du kontakte fastlegen din, NAV-kontor eller spesialkonsulent innan rus i kommunen eller i spesialisthelsetenesta. Dei som har tilbod om brukarstyrt seng kan kontakte døgnposten direkte.
Vi ynskjer å førebu innlegginga med ein samtale der du har høve til å uttrykke ynskje og val ut frå behandling, behov og motivasjon.

Behandlingsideologi:

Omsorg, tryggleik, respekt, tillit, meistring og glede.

All behandling skal vere:
• Individuell og målretta
• Med brukarmedverknad
• Forankra i vitskapleg dokumenterte metodar

Miljøterapi, medikamentell behandling, treningsterapi og gruppeterapi.
Døgnposten har sterkt fokus på brukarmedverknad. Gjennom heile opphaldet får du vere medansvarleg for eiga behandling. Motivasjonen for å gjere noko med tilhøvet til rus er viktig for at du skal kunne nå måla dine.

Behandlinga er delt inn i 3 fasar:

Avrusing: Prosessen som fjernar giftstoff frå kroppen. 2-4 veker.

Stabilisering: Behalde oppnådd endring, og førebuing til å meistre tilværet utan rusmidlar over tid. 4-6 veker.

Rehabilitering: Den endringsprosessen som skal til for at ein pasient med rusliding skal oppnå best mogeleg funkjsjons -og meistringsevne, sjølvstende og vere sosialt deltakande i samfunnet.

Kontakt

Postadresse

Helse Førde, Psykiatrisk klinikk, Rus døgn, postboks 1000, 6807 Førde.

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

En by ved vannet

Tronvik

Kyrkjebøvegen 487

6995 Kyrkjebø

Psykiatrisk klinikk - Tronvik - Rus døgn

Tilbodet på Tronvik gjev tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Vi har døgnpost med 15 plassar. 8 plassar for stabilisering/rehabilitering og 7 plassar for avrusing og stabilisering. Målet for tilbodet er at du skal meistre livet ditt.
Dette treng du vite før du kjem til oss
Psykiatrisk klinikk - rus døgn - held til på Tronvik/Kyrkjebø.