Vaskulittar
Betennelse i blodåreveggen blir kalla vaskulitt. Både store og små blodkar kan rammast, symptom og funn vil avhenge av kor store blodårar som blir ramma og kva organ blodårane går til. Vaskulittar er alvorlege sjukdommar som vanlegvis blir greidde ut, blir diagnostiserte og behandla i spesialisthelsetenesta.
Symptom
Betennelsen ved vaskulittsjukdommar er lokalisert i blodåreveggen. Den blir tjukkare og blodstraumen dårlegare. Hos dei alvorlegast sjuke kan blodåra gå tett som følgje av betennelsesprosessen. Svekking av blodåresveggen kan føre til utposing.
Tilvising og vurdering
Det vil vere nødvendig med fleire undersøkingar før vi kan setje ein sikker diagnose.
Fastlegen viser til revmatologisk avdeling.
Utgreiing
Ved mistanke om vaskulitt er det nødvendig med fleire undersøkingar før ein kan setje ein sikker diagnose. Helsepersonell vil vurdere kva som er nødvendig i kvart enkelt tilfelle. Det er vanleg å måle blodtrykk og undersøkje hjarte og lunger. I tillegg trengst blodprøver og urinprøve. Ofte blir du vist til biletdiagnostikk med CT og MR, og dessutan vevsprøve (biopsi).
Les om
Behandling
Dersom du blir diagnostisert med ein vaskulittsjukdom, er det som regel behov for sjukdomsmodifiserande behandling. Slik behandling dempar immunsystemet. Legemidla kan vere av syntetisk og biologisk type. Behandlinga strekkjer seg som regel over fleire år.
Oppfølging
Dersom du blir diagnostisert med ein vaskulittsjukdom, er det som regel behov for sjukdomsmodifiserande behandling. Slik behandling dempar immunsystemet. Legemidla kan vere av syntetisk og biologisk type. Behandlinga strekkjer seg som regel over fleire år.
Ver merksam
Det kan vere risikoforhold og oppstå komplikasjonar ved bruk av immundempande medikament. Les meir om kvart enkelt medikament her:
Informasjon om legemiddel som blir nytta i behandling ved revmatologisk sjukdom
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde