Ein milliard til kunnskap for betre pasientbehandling

Kunnskap om verknader av koronavaksinering, kunstig intelligens i kreftbehandling og rusavhengiges vei til rusfridom. I 2021 blei det forska og drive innovasjon for meir enn ein milliard kroner i spesialisthelsetenesta i landet.

Publisert 04.07.2022
Sist oppdatert 02.01.2024

​65 prosent av forskingsmidlane til dei regionale helseføretaka blei tildelt kliniske studiar.

–  Rapporten summerer opp ein imponerande innsats for forskning og innovasjon i spesialisthelsetenesta gjennom 2021. Den viser kor viktig innsats og kunnskap er for å utvikle tenestene våre, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. 

Ho takka pasientar som deltek, og alle som bidreg til forskning og innovasjon i sjukehusa og utdanningsinstitusjonane for arbeid og innsats som blir lagt ned. 

​​Rapporten viser at det framleis går mest forskningsmidler til kreft, deretter hjerne og nervesystem og psykisk helse.