Partnarskapsmøte
Dialogmøte mellom styret i Helse Førde og politisk leiing i kommunane/fylkeskommunen skal vere ein arena for drøfting av strategisk utvikling av helsetenestene og samhandlinga.
Deltakarar frå Helse Førde er føretaksstyret og administrerande direktør. Frå kommunane deltek ein representant frå kvar kommune/fylkeskommunen, primært frå politisk leiing, i tillegg møter leiaren i rådmannsutvalet i KS. Helse Førde ivaretek saman med KS sekretariatsfunksjonen.
Forumet har møte ein gong i året. Partane skal samarbeide om førebuing og gjennomføring av dialogmøtet. Partane ber eigne kostnader.
Sist oppdatert 23.11.2023