Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et nærbilde av skjelvende hender

IMPACT-studien: Implementering av pasientsentrert omsorg for eldre pasientar

Antallet eldre med kreft aukar kraftig. Denne pasientgruppa er svært sammensatt og har auka risiko for bivirkninger og redusert livskvalitet. Internasjonale retningslinjer anbefalar ei geriatrisk vurdering – ein standardisert metode for å kartlegge helsetilstanden før behandlingsplanen vert utforma Det finst solid dokumentasjon på at dette gir bedre livskvalitet, men implementering i praksis er utfordrande. Målet med implementeringsforsking er difor å undersøke korleis ein kunnskapsbasert intervensjon kan takast i bruk i klinisk praksis.

Prosjektmål

Hovedmålet med prosjektet er å utvikle og evaluere ein implementeringsstrategi for pasientsentrert omsorg tilpassa eldre kreftpasientar.

Prosjektet er delt inn i tre delar:

  1. Kartlegge behov, moglegheiter og suksessfaktorar for implementering av ein pasientsentrert omsorgsplan blant helsepersonell (behandlande legar, geriatarar fastlegar, kreftsjukepleiarar og heimetenesa) og pasientar.
  2. Utvikle og implementere ein strategi for pasientsentrert omsorg for eldre kreftpasientar i Helse Førde-regionen.
  3. Evaluere implementeringsstrategien ved hjelp av både implementering- og kliniske utfallsmål.

Intervensjon

Studien undersøkjer korleis ein kan implementere ein pasientsentrert omsorgsplan for eldre kreftpasienter, og består av to deler:

Del A: Geriatrisk screening og vurdering

  • Alle pasientar ≥70 år med ny kreftdiagnose vert screena av kreftkoordinator ved hjelp av Clinical Frailty Scale.
  • Pasienter med score ≥4 henvisast til geriatrisk vurdering, utført av studiesjukepleiar.
  • Resultata dokumenterast  i journalen, og studiesjukepleiar deltek i tverrfagleg teammøte (MDT) der behandlingsplanen vert beslutta.

Del B: Oppfølging og anbefalingar

  • Basert på geriatrisk vurdering vert det gitt anbefalinger for vidare oppfølging:
    • Til dømes: henvisning til ernæringsfysiolog ved underernæring, eller fysioterapeut ved funksjonssvikt.
  • Pasientar med høg risiko for bivirkninger får ekstra oppfølging i primærhelsetjenesta av ressurssjukepleiarar.
  • Studiesjukepleiar koordinerer anbefalingane med behandlande lege og primærhelsetenesta.

Studiedesign

Studien er ein hybrid implementeringsstudie (Type 2) med bruk av både kvalitative og kvantitative metodar.

Del 1 (6–12 måneder):

  • Fokusgruppeintervjuer med helsepersonell, pasienter og pårørende.
  • Bruk av CFIR-rammeverket for å identifisere suksessfaktorar og moglegheiter.
  • Innsamling av baseline-data: uplanlagde innleggelsar, behandlingsrelaterte bivirkninger, og livskvalitet etter 3, 6 og 12 månedar).
  • Kartlegging av korleis eldre pasientar diskuterast i MDT før og etter implementering.

Del 2 (1–1,5 år):

  • Utvikling av implementeringsstrategi basert på funn frå del 1.
  • Justering av logistikk, opplæring, digitale verktøy og kliniske flytskjema.
  • Involvering av leiing og gjennomføring av intervensjonen i alle deltakande avdelingar.
  • Organisering av opplæringsaktivitetar for både sjukehus og kommunehelsetjenesta.

Del 3 (1 år):

  • Nye intervju for å vurdere tilfredsheit og identifisere suksessfaktorar.
  • Analyse av implementering- og kliniske utfall, med publisering i henhold til publikasjonsplan.

Forventa effekt

Prosjektet vil gi auka kunnskap om implementering av individualisert behandling og oppfølging av eldre kreftpasientar, med potensial for betre pasientutfall og meir effektiv bruk av helseressursar.

Sist oppdatert 07.01.2026