Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bruk av data i Norse Impact-prosjektet

Norse Impact er eit forskings- og innovasjonsprosjekt med formål om å utvikle og forbetre kontinuerleg digital omsorg innan psykisk helse ved hjelp av pasientrapporterte helseopplysningar.

Her finn du som pasient, pårørande og helsepersonell informasjon om kva slags data som blir samla inn, kva dataene blir brukt til, kven som har tilgang til data, korleis datasikkerheita er ivareteken, og kor lenge dataene blir tekne vare på. Du finn også informasjon om korleis du kan reservere deg mot å gje frå deg data til prosjektet, og korleis du kan få meir informasjon om prosjektet. 

 

  • Pasientar som har vore til behandling innan psykisk helsevern hos sjukehusa i Helse Vest i perioden frå januar 2023 til april 2025. 
  • Pasientar som har nytta Norse Feedback-systemet for psykisk helse og rus til å gi informasjon om sine symptomer, behandlingar, risikoar og styrkar innan psykisk helse. 

For dataene og helseopplysingane som er samla inn tilbake i tid har prosjektet fått godkjenning for å nytte desse dataene med unntak frå samtykkeplikta. Det er ikkje praktisk mogleg å sette opp ein reservasjonsrett for desse dataene. 

For data og helseopplysningar som skal nyttast i prosjektet framover i tid vil det finnast ein løysing for å reservere seg mot å gje frå seg data til prosjektet via Norse Feedback-systemet for psykisk helse og rus. Meir informasjon om reservasjonsøysinga kjem.

I Norse Impact-prosjektet nyttast helseopplysningar frå pasientar som er til behandling innan psykisk helsevern hos sjukehusa i Helse Vest. Helseopplysningane som skal brukast i prosjektet blir henta frå to ulike system med data frå pasientar som har mottatt psykiske helsetenester i Helse Vest-regionen i perioden januar 2023 til april 2025: 


•    Norse Feedback-systemet for psykisk helse og rus som inneheld pasientars eigenrapporterte helseopplysningar. Desse data inneheld informasjon om symptomutvikling, behandlingsprosessar, risikoar og styrkar hos pasientane.


•    Kostnad per pasient-systemet i sjukehusa i Helse Vest-regionen. Desse dataene inkluderer opplysningar om behandlingslengde på sjukehuset, kva slags behandling pasienten har fått, diagnosekoder og kva kostnader som ligg til behandlinga.

 

Dataene blir nytta til å forske på korleis vi kan utvikle og gi digital tilleggsbehandling innan psykisk helse. 

Kun dei som jobbar som forskarar i prosjektet har tilgang til dataene og helseopplysningane. 

Alle dataene og helseopplysningar vil gjennomgå ei anonymisering slik at helseopplysningar som blir overført til prosjektet blir behandla utan namn og fødselsnummer eller andre direkte identifiserande opplysningar. Det blir ikkje lagra ei liste som kan knytte ein pasient til sine helseopplysningar etter at anonymiseringa er gjennomført. Dataene og helseopplysningane som blir brukt i prosjektet blir handtert og oppbevart etter strenge tryggingstiltak.  

Dataene er planlagt brukt fram til år 2030. Opplysningane vil bli oppbevart i 5 år etter prosjektslutt av kontrollomsyn. Eventuelle utvidingar i bruk og oppbevaringstid kan kun skje etter godkjenning frå Regional etisk komitè og andre relevante myndigheiter.

Sist oppdatert 25.11.2025