Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En person i et plagg med en hund

Pust Deg Bedre i forsking

Pust Deg bedre er eit digitalt verktøy som hjelper lungesjuke med å utføre anerkjende pusteteknikkar for å fjerne slim og lette tungpust. Innhaldet i verktøyet er visualisert ved hjelp av 3D-animasjonar som både viser korleis øvingane skal utførast, og kva som skjer i luftvegane når ein gjer det. I forskinga knytt til Pust deg bedre vil verktøyet bli systematisk testa og evaluert i samarbeid med brukarar (pasientar og fysioterapeutar) med mål om å gi personar som lever med kols auka kompetanse i handtering av dagelge symptom som tungpust og slim.

En mann uten skjorte
Ein av dei to avatarane brukt i appen for å vise pusteteknikkar

 

Bakgrunn for studien

Kols er ein kronisk lungesjukdom som er kjenneteikna av irreversibel luftstrømsbegrensning. Omtrent 6–7 prosent (180 000) av nordmenn over 40 år er ramma av tilstanden. Tungpust (dyspné) er det dominerande symptomet ved kols, noko som resulterer i redusert fysisk kapasitet. Eit anna vanleg symptom er kronisk hoste kombinert med kronisk slimproduksjon, noko som aukar risikoen for infeksjonar, ofte etterfulgt av forverringar som kan føre til innlegging på sjukehus, progresjon av sjukdom og dødelighet. Denne pasientgruppa krev ofte livslang behandling i primær- og spesialisthelsetenesta.

Helsepersonellkommisjonen sin rapport «Tid for handling» påpeikar at dagens helseteneste ikkje er bærekraftig, og vi står overfor ei krise i åra som kjem, der talet på pasientar med kroniske lidingar aukar samtidig som det vil vere mangel på helsepersonell. Talet på pasientar med kols er forventa å stige, og denne gruppa vil ha behov for tett oppfølgjing frå helsepersonell både i primær- og spesialisthelsetenesta. Det vil difor vere viktig å styrke pasientane sine eigne ressursar, slik at dei i størst mulig grad kan handtere og følge opp eigenbehandlinga, noko som kan redusere behovet deira for helsetenester.

 

Moglege helsegevinstar

Med bruk av appen PDB er det eit mål om å styrke pasientane si eigenbehandling. Dermed vil dei sjølv kunne handtere sin kroniske lungesjukdom på ein best mogleg måte i kvardagen og leve eit liv som i mindre grad blir styrt av helseplagene. Det er i dag utvikla mange appar også for pasientar med kols, men ei evaluering av nytteverdien av desse manglar. 

Bruk av PDB i eigenbehandling er berekraftig ved at målet er ein reduksjon i behov for helsepersonell hjå ei pasientgruppe som i dag treng mykje oppfølging i helsetenesta. 

Behandlinga er kostnasbesparande, sjølvstendiggjørande og gir lik kunnskapsbasert behandling i tråd med nasjonale retningslinjer uavhengig av geografisk tilhørigheit og kompetanse hjå dei respektive behandlarane.

Om forskinga 

Dette doktorgradsprosjektet har som mål å undersøke gjennomførbarheten av å implementere Pust Deg Bedre (PDB) appen i klinisk fysioterapipraksis, samt utforske deltakarane med kols og fysioterapeutene sine erfaringar med bruk av PDB i behandling av tungpust og slim.

Prosjektet brukar både kvalitative og kvantitative metodar. Grunnlaget for dei kvalitative analysane vil vere fokusgrupper med pasientane og fysioterapeutane i prosjektet.

Det er to stipendiatar knytt til prosjektet; ein i Helse Førde og ein på Høgskulen på Vestlandet.

 

 

Sist oppdatert 17.12.2025