Lill Anett Juvik
Spesialsykepleier og Ph.D-kandidat i Helse Førde og faglærar ved Høgskulen på Vestlandet

Juvik er utdanna psykiatrisk sjukepleiar med vidareutdanning i pedagogikk. Ho har ein mastergrad i samhandling og folkehelse frå Høgskulen på Vestlandet, med fokus på overvekt og førebyggjande helsearbeid.
Ho har brei arbeidserfaring som spesialsjukepleiar innan psykisk helsevern, rådgjevar i arbeids- og velferdsforvaltninga og rådgjevar i pedagogisk-psykologisk teneste, og har erfaring frå prosjektarbeid og tverretatleg samarbeid.
Juvik er for tida ph.d.-stipendiat i Helse Førde. Doktorgradsprosjektet inngår i forskingsprogrammet «Personalisert og datadriven spesialistbehandling – helseforskning basert på pasientdata frå rutinepraksis», der ho forskar på pasientar og stomi- og sjukepleiarar sine erfaringar med bruk av eit klinisk tilbakemeldingssystem ved poliklinisk oppfølging etter stomioperasjon. Studien er kvalitativ.
Forskingsgruppe: PERSONFORSK
Nyaste publikasjonar: (lenke kjem)