Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stig Magne Solstad

Psykolog, PhD, i Helse Førde

En mann iført en lilla skjorte

Stig Magne Solstad er spesialist i klinisk vaksenpsykologi, godkjend som psykolog ved Universitetet i Bergen i 2013 og som spesialist i klinisk vaksenpsykologi i 2019. Han vart tilsett i ei dobbeltkompetansestilling i 2015, og deler no tida si mellom forsking og arbeid som psykologspesialist ved Seksjon for sikkerheit og psykose ved psykiatrisk klinikk i Førde.

Han har nyleg fullført ein doktorgrad ved Universitetet i Bergen om pasientar sine erfaringar med kliniske tilbakemeldingssystem i psykisk helsevern. Der gjennomførte han ei intervjuundersøking om pasientar sine erfaringar med Helse Førde sitt kliniske tilbakemeldingssystem Norse Feedback. No arbeider han med å få postdokfinansiering til eit prosjekt om sjølvmordsførebygging.

Solstad sitt forskingsområde er praksisnær forsking, altså forsking som skjer som ein del av klinisk praksis. Målet hans er å forbetre klinisk praksis ved å utvikle forskingsspørsmål og bruke metodar som er meiningsfulle både for pasientar og helsepersonell.

Forskingsgruppe: PERSONFORSK

Nyaste publikasjonar: (kommer)

Sist oppdatert 07.08.2025