Forskings- og innovasjonsstrategi 2020-2025
Helse Førde sine særskilde moglegheiter til å gjennomføre god forsking og innovasjon kjem av godt samarbeid mellom kliniske avdelingar, kommunar, lokalt næringsliv og Høgskulen på Vestlandet. I perioden frå 2020 til 2025 skal Helse Førde bruke og utvikle desse moglegheitene for å utvikle gode tenester til beste for pasientane våre, gjennom forskings- og innovasjonsverksemd med høg kvalitet, av internasjonal interesse og med lokal nytte.

Foto: Norman Fleten
For å nå målet om å verte ein varig forskings- og innovasjonsorganisasjon er det i strategien definert åtte tiltakspakkar.
Ein varig forskingsorganisasjon:
- Styrke leiarrolla om FOI for eigarskap i kliniske avdelingar
- Tydelegare stabs- og støttefunksjonar rundt FOI
- Vidareføring og utviding av tematiske forskinssatsingar
- Karrierevegar for forskingskompetente
- Utvikle forskingssamarbeid med kommunar
- Innovasjon og samarbeid med lokalt næringsliv
- Auke tenesteinnovasjon
- Målretta rekruttering
Tiltaka skal gjere dei vanlege organisasjons- og leiarlinene i stand til å forstå og leie forsking. Vidare skal dei gjere støttetenester, slik som HR, kommunikasjon og økonomi, i stand til å yte gode tenester til forsking og innovasjon. I sum er dei retta mot at kliniske avdelingar i større grad må eige og forstå forskings– og innovasjonsprosjekt som sine.
Å yte gode helsetenester vil alltid vere det viktigaste. I tillegg skal Helse Førde heile tida skape ny fag- og forskingskunnskap i alle delane av organisasjonen.
Kunnskapen skal ikkje skapast for si eiga skuld – kunnskapen vert verdifull i dei situasjonane han gjev nytte. Den viktigaste nytta er den som pasientar opplever, i form av betra kvalitet i utgreiing, behandling og oppfølging. Men dette er ikkje den einaste nytta vi skal arbeide for. Nyvinningar som styrkar Helse Førde sin kvalitet, samt det å stadig utvikle regionen vår gjennom nye kompetansearbeidsplassar, er også viktige mål for strategien.
Samarbeid er det særlege fortrinnet - og den viktigaste metoden - for forsking og innovasjon i Helse Førde. Samarbeidet skal vere konkret og forpliktande.
- Samarbeidet skal vere mellom forsking og klinisk verksemd.
- Samarbeidet skal gå på tvers av ulike klinikkar og profesjonar som jobbar med felles prosjekt.
- Samarbeidet skal vere med brukarane våre.
- Samarbeidet skal vere mellom Helse Førde og kommunane der innbyggjarane bur.
- Samarbeidet skal vere med næringslivet og verkemiddelapparat i dei tilfella der vi saman kan utvikle nyvinningar.
- Samarbeidet skal vere med dei akademiske institusjonane i vår region, og med relevante nasjonale og internasjonale aktørar i konkrete prosjekt.
Verdiskaping kjem av at kunnskapen blir brukt. Dette kjem til uttrykk i auka kvalitet i behandling og meir effektive tenester, og gjennom utvikling av nye teknologiar og måtar å levere tenester på.
Helse Førde skal gjennom samarbeid, kunnskaping og verdiskaping ha ei forskings- og innovasjonsverksemd av høg kvalitet, internasjonal interesse og med lokal nytte.
Helse Førde har dei siste åra bygd opp ei lita, men god forskingsverksemd. Likevel har vi endå ikkje klart å bli ein solid forskingsorganisasjon. Det betyr at forsking enda ikkje er ein integrert del av den kliniske verksemda og støttetenestene i føretaket.
Ein stor del av noverande prosjekt er knytt til eller spring ut av noverande strategi. Strategien har ført til auka tilslag på ekstern finansiering av konkurranseutsette midlar. Den byggjer på to tematiske forskingssatsingar, Folkehelse livsstil og overvekt (FLO) og Psykisk helse og rus (PHR). Desse vert leia av tilsette med høg forskingskompetanse og har mandat til å skape vekst i forsking.
På innovasjonssida har vi eit lite og aktivt miljø. Det er førebels få personar som sit på den kompetansen ein treng for å drive med innovasjon, noko som gjer denne verksemda utsett. Helse Førde er enno ikkje godt nok rigga for å stimulere til innovasjonsarbeid og støtte dei som innoverer.
I den førre strategiperioden vart det sett mål om tal aktive doktorgradsløp, publikasjonar, internasjonalisering og ekstern finansiering. Måloppnåinga på desse parametera har vore god. Det definert at Helse Førde skulle nytte 1% av det samla budsjettet til forsking innan 2020. Utviklinga her har gått saktare enn målet var. I 2019 vart 0,54% av samla økonomi brukt til forsking.
Vitskaplege publikasjonar i 2019 | 37 |
---|---|
Aktive kliniske studiar | 10 |
Aktive prosjekt i Cristin der HFD er forskinsansvarleg institusjon | 16 |
Helse Førde skal nytte dei særeigne moglegheitene som finst i denne regionen, innanfor rammene av dei overordna strategidokumenta som vedkjem forsking og innovasjon i helseføretaka. Sentrale strategiar er HelseOmsorg21 – nasjonal forskings- og innovasjonsstrategi for helse og omsorg, Helsenæringsmeldinga, Forskings- og innovasjonsstrategi for Helse Vest, og Utviklingsplanar Helse
Førde og Helse Vest 2035. Det er overlappande mål og strategiar i desse ulike dokumenta som gjeld forsking og innovasjon, og desse er reflektert i HelseOmsorg21. Helse Førde legg desse dokumenta til grunn for utvikling av eigen forskings- og innovasjonsstrategi.
Helse Førde kan ikkje, og skal ikkje, svare på alle felt innan helseforsking og -innovasjon. Strategisk skal vi, og kan vi, prioritere dei områda der vi har særskilde moglegheiter til å nå strategien sine visjonar. Dei særskilde fortrinna i Helse Førde er:
- Nærleik til- og godt samarbeid med kommunar
- Korte leiingslinjer og handlingsvilje ved gode initiativ
- Lite konkurranse om pasientar til forsking
- Tillit og samarbeid med ulike sektorar i regionen
- Eksisterande infrastruktur og driv i samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet her i regionen.
I møte mellom Helse Førde sine fortrinn og dei nasjonale, regionale og lokale strategiane og plandokumenta vert då desse områda særleg relevante for vår forskings- og innovasjonsstrategi:
- God og systematisk brukarmedverknad i helsetenester, tenesteforsking og tenesteinnovasjon
- Helsedata i eksisterande infrastruktur som sentralt fortrinn
- Styrka samarbeid med kommunar rundt forsking på helse der folk bur
- Styrka forskingssamarbeid med fylkeskommunen
- Styrka samarbeid med næringsliv og verkemiddelapparat i regionen knytt til forsking og innovasjon
- Forsking og innovasjon integrert i den kliniske verksemda for å styrke forskings- og innovasjonskultur
- Samarbeid og delte stillingar med Høgskulen på Vestlandet Campus Førde.
Forskings- og innovasjonsaktivitet i Helse Førde skal primært føre til ny kunnskap som gjev betre helsetenester for pasientar. Forsking og innovasjon som gir nye arbeidsplassar og eit styrka nærmiljø er eit mål. Kunnskap som kjem som resultat av Helse Førde si forskings- og innovasjonsverksemd skal vere bidrag i å løyse dei problema som helsetenesta møter i framtida, med tanke på avgrensa ressurstilgang, endra demografi og nye kommunikasjonsformer.
Omgrepet forsking i denne strategien viser til kunnskapsdanning som skjer etter
systematiske vitskaplege metodar. Helsetenesteforsking og aksjonsforsking har overlappande arbeidsmåtar med kvalitets- og forbetringsarbeid. Slik forsking skil seg i fleire samanhengar frå desse verksemdene berre gjennom målsetjinga å publisere ny kunnskap utover den konteksten den framkjem i. Med innovasjon er meint utvikling og utprøving av nye teknologiar og/eller arbeidsformer/metodar.
Innovasjon skjer når tilsette med høg formal- eller erfaringskompetanse løyser problemstillingar i arbeidet sitt på ein ny måte og løysingane vert vidareutvikla og tatt i bruk av andre.
Helse Førde har som mål å verte ein organisasjon der forsking og innovasjon er ein naturleg og varig del av alle delar av verksemda.
Ein varig forskings- og innovasjonsorganisasjon er eit stort og viktig steg vidare frå status no, der forskings- og innovasjonsverksemd oftast er knytt til einskilde personar eller grupper, og der store deler av organisasjonen ikkje kjenner eigarskap til denne verksemda. Dette medfører risiko på fleire område. Privatisering av forskingsansvar og arbeidsbelasting, konsekvensar av at medarbeidarar med sentral kompetanse innan forsking og innovasjon sluttar, og berekrafta til dei ulike prosjekta står i fare. Det er også ein risiko for at kunnskapen ikkje vert teken i bruk i den kliniske verksemda og såleis ikkje kjem pasientane til nytte.
Ein annan risiko strategien tek sikte på å redusere er den vedvarande spenninga mellom forskings- og innovasjonsverksemd og klinisk verksemd. Forskingsengasjerte tilsette har ofte sentrale roller i drifta. Når dei er borte frå klinisk arbeid for å forske eller innovere kan det verte krevjande å erstatte nøkkelkompetansen på avdelingane, og ha tilstrekkeleg kapasitet til det kliniske arbeidet.
I praksis betyr målet om ein varig forskings- og innovasjonsorganisasjon at dei vanlege organisasjons- og leiarlinjene er gjort i stand til å forstå og leie forsking. Vidare betyr den at støttetenester, slik som HR, kommunikasjon og økonomi, er gjort i stand til og har mandat til å yte gode tenester til forsking og innovasjon. Det betyr at kliniske avdelingar i større grad må eige og forstå forskings– og
innovasjonsprosjekt som sine prosjekt
Gjennom målretta tiltak kan ein redusere risiko, gi betre grunnlag for nyskapande prosjekt nær den kliniske drifta og skape god slitestyrke for gjennomføring av forsking og innovasjon i Helse Førde. Tiltaka føreset ei auke i ressursbruk til forsking og innovasjon i strategiperioden.
Vidare peiker strategien på korleis eit organisasjonsperspektiv kan ligge til grunn for omsetjinga av ressursbruken. Med dette meinast til dømes:
- Dedikerte ressursar, opplæring og mandat til støttefunksjonar, som til dømes HR, juridisk, økonomi, IKT og kommunikasjon.
- Leiaropplæring
- Rapportering i ordinære linjer som del av verksemdsrapportane, og inkluderast i skårkort i handlingsplan
Hovudmålet til strategien er ein styrka forskings- og innovasjonsorganisasjon.
Konkrete mål med nøkkeltala som forsking og innovasjon vert målt etter er definert, og bør takast inn i KPI-dashbord for Helse Førde. Tabellen viser tala på sentrale indikatorar for 2018, og måla for evalueringspunkt i 2023 og i 2025.
Indikator | 2018 | 2025 | 2025 |
---|---|---|---|
Forskingsindikatorar*: | |||
Del av Helse Førde sitt totalbudsjett øyremerkt til forsking** | 0,4 % | 1,0 % | 1,2 % |
Tilsette med doktorgradskompetanse | 23 | 30 | 45 |
Del av forskingskompetente som jobbar aktivt med forsking | 67 % | 70 % | 80 % |
Aktive doktorgradsløp | 9 | 13 | 18 |
Fagfellevurderte vitskaplege artiklar med Helse Førde-forfattarskap pr år | 33 | 45 | 60 |
Aktive forskingsprosjekt der Helse Førde er forskingsansvarleg | 32 | 35 | 40 |
Aktive forskingsprosjekt der Helse Førde er partnar | 25 | 30 | 35 |
Ekstern versus intern finansiering av forskingsprosjekt i Helse Førde*** | 30 % | 40 % | |
Aktive forskingsprosjekt i samarbeid med kommunar | 1 | 3 | 6 |
Klinisk behandlingsforsking – tal deltakande pasientar | |||
Innovasjonsindikatorar: | |||
Del av Helse Førde sitt budsjett brukt til innovasjon**** | 0,14 % | 0,25 % | 0,3 % |
Aktive innovasjonsprosjekt | 7 | 15 | 20 |
Innovasjonsprosjekt i kommersialiseringsfase | 1 | 4 | 6 |
Aktive innovasjonsprosjekt i samarbeid med kommunar | 2 | 3 | 6 |
Nye arbeidsplassar utanfor føretaket som følgje av prosjekt starta i føretaket | 4 | 10 | 20 |
Tal medieoppslag om forsking og innovasjon i Helse Førde |
- *Kjelde for nøkkeltal er Cristin
- **Strategien legg til grunn at 1,2% av Helse Førde sitt totalbudsjett skal øyremerkast til forskingsverksemd. Denne bruken skal dekke konkret forskingsverksemd og forskingsinfrastruktur. Forsking finansiert frå aktørar utanfrå Helse Førde kjem i tillegg.
- ***Dette skal reknast ut etter del eksterne midlar som finansierer forskingsverksemd i Helse Førde delt på totalbudsjett i Helse Førde som brukast til forsking.
- ****Utrekningsmåte for dette måltalet er: andel av totalbudsjettet til Helse Førde. Eksternt finansiert forsking skal ikkje reknast med i måltalet.
Organisasjonstiltak:
Mål 1
Leiarar i Helse Førde skal gjerast i stand til å leie forsking og innovasjonsarbeid, slik at kliniske avdelingar skal ønskje forsking i si avdeling og kjenne eigarskap til forskingsprosjekt utført av sine tilsette. Leiartiltaka skal styrke forskings- og innovasjonskulturen i Helse Førde.
Tiltak for å nå målet:
- Leiing av forsking og innovasjon skal skildrast som arbeidsoppgåve i
kvalitetsstyringssystemet for leiarar på alle nivå i Helse Førde - Kompetansemål for forsking og innovasjon skal inn i kompetanseplanen til leiarar og vere ein fast del av leiardialog og den interne leiaropplæring og -utvikling i Helse Førde
- Seksjon for forsking og innovasjon avklarer opplærings- og kompetansebehov for leiarar på alle nivå i Helse Førde og bidreg til gjennomføringa
- I planlegging av forskingsprosjekt skal Seksjon for forsking og innovasjon møte med den tilsette og næraste leiar for å avklare og planlegge korleis prosjektet kan kome avdelinga til nytte
- I interne søknader skal nytta for avdelinga vere skildra separat, og leiar skal uttale seg om dette i søknadsprosessen
- Det skal setjast av pengar til forsking i alle klinikkar for å erstatte klinikarar/sikre kapasitet til klinisk arbeid når tilsette er ute av drifta for å forske
- Seksjon for forsking og innovasjon skal støtte dette arbeidet i klinikkane ved å
kvalitetssikre forskingsprosjekt
Mål 2
Stab– og støttefunksjonar skal støtte forskingsverksemd som del av sine driftsoppgåver.
Tiltak for å nå målet:
- Oppgåver knytt til forsking og innovasjon skal skildrast i arbeidsoppgåvene til HR og rekneskap
- Kommunikasjonsavdelinga er pådrivar for å synleggjere forskings –og
innovasjonsaktiviteten i Helse Førde, etter oppsette måltal - Fag- og utviklingsavdelinga utgreier saman med dei ulike støtteavdelingane kva ny kompetanse som trengs for å støtte forskings- og innovasjonsverksemd og stiller til vegne denne kompetanse i form av interne eller eksterne kurs.
- Etablere tilpassa areal og utstyr for forsking, innovasjon og utdanning, i klinikk og samlokalisert med Høgskulen på Vestlandet gjennom Helseforsking Sogn og Fjordane
Retta tiltak:
Mål 3
Vidareføring og utviding av strategiske forskingssatsingar.
Tiltak for å nå målet:
- Utvide ressursen til leiing av dei eksisterande tematiske forskingssatsingane på grunn av vekst i aktivitet
- Styrke ressursar til tilsetjing av internasjonale samarbeidspartar med høg vitskapleg kompetanse i 10 til 20-prosent bistillingar i dei tematiske forskingssatsingane der desse er knytt til konkrete prosjektsamarbeid
- Gjennomføre ekstern evaluering av dei eksisterande forskingssatsingane PHR og FLO i 2020, og styrke/vidareutvikle miljøa etter tilrådingar i den eksterne evalueringa
- Etablere forprosjekt for ei tredje tematisk satsing innan 2022. Etablering av ei ny satsing skal bygge på erfaringar og evaluering av dei eksisterande satsingane
- Utvikle prosjekt som når opp i konkurransen om ekstern finansiering
- Vidareføre samarbeid med HVL om strategiske satsingar
- Utvikle tettare samarbeid med akademiske institusjonar i regionen
- Styrke samarbeid med HVL som doktorgradsgivande institusjon for kandidatar der HVL sine doktorgradsprogram er relevante
Mål 4
Utvikle forskingssamarbeid med kommunar og fylkeskommune.
Tiltak for å nå målet:
- Ta initiativ til at ein kommune søkjer offentleg sektor PhD på samarbeidsprosjekt
- Initiere formelt samarbeid med Sunnfjord kommune som pilot
- Vidareutvikle samarbeid om folkehelsedata med Fylkeskommunen
Mål 5
Sikre gode karrierevegar for tilsette med forskingskompetanse.
Tiltak for å nå målet:
- Avklare utviklingsønskje saman med næraste leiar
- «Disputassamtalen» etter avlagt PhD - rutine som involverer Fag og utvikling, næraste leiar og den tilsette om vegen vidare
- Legge løp med særskild eigna medarbeidarar med doktorgradskompetanse slik at dei kan oppnå professorkompetanse
- Implementere strategi for bistillingar for medarbeidarar med doktorgradskompetanse
Mål 6
Mogleggjere lågterskel innovasjon og styrke samarbeid med næringsliv og
verkemiddelapparat om utvikling og kommersialisering i neste fase.
Tiltak for å nå målet:
- Skape arenaer internt og eksternt
- Vidareutvikle samarbeidet med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge
- Drop-in til målretta verksemd
- Enkel og tilgjengeleg infrastruktur
- Etablere Nyskapingsklinikken
Mål 7
Auke tenesteinnovasjon.
Tiltak for å nå målet:
- Bruke Nye Førde sjukehus og medisinsk avstandsoppfølging som eit høve til å utvikle innovative tenester
- Utvikle innovative tenester på bakgrunn av pågåande helsetenesteforsking i Helse Førde
- Styrke samarbeidet med universitets- og høgskulesektoren, spesielt gjennom
innovasjonsmiljøet ved HVL, om forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor
Mål 8
Målretta rekruttering.
Tiltak for å nå målet:
- Ved tilsetjingar bør ein sjå etter forskingskompetanse eller forskingsinteresse der det er aktuelt
- Ved klinisk spesialisering skal Helse Førde legge til rette for at kandidatar kan ta både spesialitet og doktorgrad tidleg i karrieren
- Målretta samarbeid med universitets- og høgskulesektoren om delte stillingar for medarbeidarar med doktorgradskompetanse
- Implementere målretta breiddearbeid mot talentfulle medarbeidarar som har avlagt gode mastergrader i føretaket
- Satse særskild på rekruttering av unge legar til forsking, gjennom deltaking i prosjekt som Vestlandslegen og liknande
Overordna mål
Ein varig forskings- og innovasjonsorganisasjon.
Tiltak for å nå målet:
- God gjennomføring av dei åtte tiltakspakkane
- Styrke ressursane i Seksjon for forsking og innovasjon til rådgjeving og oppfølging av auka forskings- og innovasjonsaktivitet.
- Gjennomføre årlege møter mellom seksjon for forsking og innovasjon og avdelingssjef og klinikkdirektør for å gå gjennom forskings –og innovasjonsprosjekta i avdelingane.
- Redusere risiko for privatisering av forskingsansvar på få personar