Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Diagram, skjematisk

PERSONFORSK - Forskingsgruppe for persontilpassa helsetenester

Forskargruppa for persontilpassa helsetenester (PERSONFORSK) er eit leiande forskingsmiljø innan persontilpassa helsetenester og eit strategisk samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap. Gruppas kjerneidè er å utvikle helsetenester som involverer heile personen og fjernar det kunstige skiljet mellom psykisk og somatisk helse.

Om PERSONFORSK

Forskingsgruppa har som mål å utvikle kunnskap og løysingar som fremjar persontilpassa helsetenester. Forskinga skal vere innovativ, samfunnsrelevant og strategisk viktig for å utvikle framtidas helsetenester. Forskingsbidraga frå gruppa skal ha tydeleg relevans og nytteverdi for både helsetenester og brukarar.

PERSONFORSK nærmar seg helsetenesteforsking frå eit menneskeorientert, relasjonelt og datadrive perspektiv. Gruppa si tverrfagleg tilnærming bidreg til forsking der samanhengen mellom psykiske, sosiale og somatiske faktorar ved helse og sjukdom er sentrale. 

Forskargruppa skal produsere kunnskap som kan takast i bruk direkte i helsetenesta, og gi ny innsikt i pasientane sine behov og erfaringar. Prosjekta knytt til gruppa vil ha eit tydeleg tverrfagleg fokus, basert på tett samarbeid mellom ulike helseprofesjonar. PERSONFORSK har tilknytt fleire store forskingsprosjekt, og ein tydeleg strategi for å fremme nye PhD-stipendiatar og seniorforskarar.

PERSONFORSK er dedikert til å utvikle og gjennomføre grundige, tverrfaglege forskingsprosjekt som nyttar samspel mellom ulike helseprofesjonar.
Forskingsområda har særleg fokus på korleis behandlingsrelasjonen og samarbeidet mellom helsepersonell og pasient bidreg til personleg tilpassing, kvalitet, nytteverdi og/eller effektivitet i behandlinga. I tillegg utviklar PERSONFORSK teknologi og forskingsprosjekt for å fornye innsamling av personleg helsedata frå pasienten, for å styre behandlinga mot presisjon. Forskingsprosjekta byggjer på eit solid og godt forankra nivå av aktiv deltaking og medverknad frå brukarar.

PERSONFORSK nyttar avanserte kombinerte metodar i forskinga si. Vi integrerer ulike forskingstilnærmingar for å få djupare innsikt, særleg innan deltakarbasert aksjonsforsking i tett samarbeid med praksisfeltet. Metodane våre omfattar bruk av kvalitative djupnemetodar åleine eller i kombinasjon med avanserte kvantitative metodar, for å sikre pålitelege datafortolkingar for kvar enkelt pasient.

PERSONFORSK er eit forpliktande samarbeid mellom Helse Førde HF og Høgskulen på Vestlandet, med mål om å utvikle og oppretthalde ein innovativ og robust forskings- og innovasjonsorganisasjon. Det er viktig for PERSONFORSK å nytte den samla kompetansen og erfaringa i forskargruppa i samarbeid med tilsette for å sikre ekstern finansiering av nye forskingsprosjekt.

Helse Førde HF og Høgskulen på Vestlandet tilbyr eigne interne finansieringsordningar for forsking for sine tilsette. Desse ordningane er viktige for å sikre tid til forsking, utvikling og søknadsarbeid, og for å kvalifisere tilsette ved begge institusjonar for å hente inn ekstern finansiering og utvikle akademiske karrierar mot toppkompetanse.

Forskargruppa vår har implementert strategiar for å styrkje fagleg og akademisk utvikling og for å auke økonomisk investering:

  • Stipendgarantiar
  • Korttidsstipend
  • Ekstra stillingar frå høgt kvalifiserte partnarar
  • Årleg PERSONFORSK-nettverkskonferanse
  • Akademisk skriveakademi
  • Felles gruppemidlar til driftskostnader
  • Midlar til professorkvalifisering
Sist oppdatert 03.11.2025