Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samhandling og folkehelse

Forskargruppa arbeider hovudsakleg for å fremje forsking og samarbeid innanfor feltet samhandling og folkehelse. Dette er eit område som er viktig for å betre kvaliteten på helsetenestene, særleg i rurale område.

Forskargruppa vart starta i 2023 og består av 25 forskarar frå Høgskulen på Vestlandet, Helse Førde og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR). Gruppa har som mål å styrkje samarbeidet med Master i samhandling og folkehelse ved å invitere masterstudentar til å delta i aktuelle forskingsprosjekt og prosjektutvikling initiert av forskargruppa.

Våre forskingsområde:

  • Samarbeid mellom ulike aktørar i kommunehelsetenesta.
  • Samarbeid mellom ulike profesjonar på sjukehus.
  • Tiltak for å fremje folkehelse og helsefremjing.
  • Samarbeid og innovasjon innanfor helsetenesta. Dette inkluderer å identifisere nye tilnærmingar og teknologiar som kan forbetre helsetenestene.
  • Rehabilitering og helserelaterte rehabiliteringsmetodar.

Les meir om forskingsgruppa 

Sist oppdatert 04.08.2025