Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gruppe mennesker i hvite skjorter

For kunnskapsbaserte og berekraftige helse- og omsorgstenester

Kommunenes samarbeidsarena for forsking (KSF) Sogn og Fjordane

KSF Sogn og Fjordane er ein samarbeidsstruktur mellom kommunar, forskingsmiljø og andre relevante aktørar.

Målet med KFS er å styrke kunnskapsutvikling, forsking og innovasjon i kommunale helse- og omsorgstenester. Gjennom samarbeid på tvers utviklar vi løysingar som er betre tilpassa lokale behov – og som møter framtidas utfordringar.

Kommunane står overfor eit aukande press: fleire tenestebrukarar, færre fagpersonar og høgare krav til kvalitet og effektivitet. For å møte dette må kommunane ta i bruk forskingsbasert kunnskap, nye arbeidsmåtar og teknologiske løysingar. Dette krev samarbeid – både internt og med eksterne fagmiljø.

KSF gir ei strukturert ramme for å gjere nettopp dette. Gjennom systematisk samarbeid kan kommunane identifisere kunnskapsbehov, initiere forsking og ta i bruk resultata i praksis.

KSF er ein nasjonal samarbeidsstruktur utvikla av KS, med støtte frå Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Sogn og Fjordane deltok  i pilotfasen som la grunnlaget for den nasjonale etableringsplanen (2024–2028).  

Strukturen er tredelt:

  • Lokalt nivå: Kommunar samarbeider i geografisk naturlege nettverk. Kvar kommune peikar ut ein FoU-kontakt som følgjer opp kunnskapsbehov og samarbeid lokalt. I Sogn og Fjordane er Sunnfjord motorkommune og koordinerer arbeidet og koplar på partnerar. Motorkommunen representerer og Sogn og Fjordane på regionalt nivå.
  • Regionalt nivå (KSF Vest): Vertskommune for KSF region koordinerer mellom lokale arenaer og det nasjonale nivået.
  • Nasjonalt nivå: KS har ansvar for overordna utvikling og samordning mellom regionar.

 KSF Sogn og Fjordane er i oppstartsfasen. I år arbeider vi med:

  • Å etablere og støtte FoU-kontaktar i kvar kommune.
  • Å kartleggje pågåande forsking, innovasjon og samhandlingsprosjekt.
  • Å knyte kontakt og utforske samarbeid med forskings- og utdanningsmiljø og andre relevante aktørar.

 Vi treng kvarandre! Gjennom KSF-samarbeidet kan kommunane få:

  • Tilgang til forskings- og innovasjonskompetanse og påverknad på forskingsagendaen.
  • Styrka kapasitet til utviklings- og forskingsarbeid, samt eit fellesskap for kunnskapsdeling og felles løysingar.
  • Betre og meir treffsikre tenester – tilpassa lokalsamfunnet og basert på dokumenterte behov.

FoU-partnarar får:

  • Tilgang til relevant kommunal praksis og forskingsfelt med stort samfunnspotensial.
  • Moglegheit til å utvikle prosjekt og utdanningsløp saman med kommunane og større gjennomslag for forskinga.

KSF skal òg sikre at brukarstemmer blir høyrde og tekne på alvor. Vi ønskjer kontakt med brukarorganisasjonar som vil bidra med innsikt og erfaringar.

Samarbeid med spesialisthelsetenesta er og aktuelt der interesser og behov overlappar.

Sist oppdatert 26.06.2025