Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Disputas: Anna Julie Kjøl Høyvik

Onsdag 3. juni 2026 forsvarar Anna Julie doktorgradsavhandlinga si: «Determinants of efficacy and treatment optimization for the PSMA-targeting radioligand [212Pb]Pb-AB001 in preclinical prostate cancer models». Disputasen vil foregå ved Radiumhospitalet i Oslo, men vil strøymast.

Publisert 22.05.2026
En kvinne som smiler til kameraet

Høyvik er no tilsett som rådgivar i Helse Førde.

Ho har bachelorgrad i bioteknologi og mastergrad i molekylærbiologi frå NMBU. Doktorgraden hennar har vore eit samarbeid mellom Oslo universitetssjukehus - Radiumhospitalet, UiO og biotekselskapet ARTBIO. Phd-en er gjennomført som ein nærings-ph.d som skal bidra til innovasjonsretta forsking.

I doktorgraden har Høyvik undersøkt ei ny form for målretta strålebehandling mot prostatakreft med spreiing. Behandlinga er basert på radioligandterapi, der eit radioaktivt stoff blir frakta direkte til kreftcellene ved hjelp av eit målretta molekyl.

Målet har vore å undersøkje om små klynger av kreftceller kan behandlast meir effektivt med stråling som har høgare energi og kortare rekkevidd enn dagens behandling. Resultata frå det prekliniske arbeidet har vore lovande, og legemiddelet er no teke vidare til ein fase 1-studie i menneske (ARTISAN).

Meir informasjon om disputasen og forskinga finn du her: Public defence: Anna Julie Kjøl Høyvik - Institute of Clinical Medicine. Både disputasen og prøveforelesninga blir strøyma. 

Lenkje til prøveforelsning (10:15-11:15):

Trial lecture: Anna Julie Kjøl Høyvik - Institute of Clinical Medicine

Lenkje til disputasen (13:15 - 16:30):

Public defence: Anna Julie Kjøl Høyvik - Institute of Clinical Medicine