Disputas: Olivia Sissil Sunde
Torsdag 12. mars 2026 forsvarar Olivia Sissil Sunde doktorgradsavhandlinga si: «Familieomsorg og omsorg for familien. Familieomsorgsgivarar og profesjonelle sine erfaringar med samarbeid om omsorga til heimebuande eldre med psykiske lidingar». Disputasen vil foregå ved Høgskulen i Molde, men vil strøymast.

Sunde kjem frå Førde i Vestland fylke og er tilsett som høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) Campus Førde: Olivia Sissil Sunde - Høgskulen på Vestlandet
Ho er utdanna sjukepleiar og har ein mastergrad i samhandling innan helse- og sosialtenester frå Høgskulen på Vestlandet (2015). Under doktorgradsutdanninga har ho vore stipendiat ved Høgskolen i Molde, med finansiering frå HVL. Forskinga hennar er særleg relevant for utvikling av kunnskap og praksis innan helse- og omsorgstenestene.
Doktorgradsarbeidet belyser erfaringar og utfordringar knytt til rolla som pårørande og omsorgsgivar for heimebuande personar med psykiske helseproblem. Forskinga bidreg til auka kunnskap om korleis familieomsorg blir opplevd og forstått, både frå pårørande og profesjonelle sine perspektiv.
Meir informasjon om disputasen og forskinga finn du her: Disputas: Olivia Sissil Sunde - Høgskolen i Molde. Lenkjer for strøyming finn du her:
Lenkje til prøveforelsning (10:15-11:05):
https://himolde.cloud.panopto.eu/Panopto/Pages/Viewer.aspx?id=52269961-600e-4872-8b50-b40100b23e3f
Lenkje til disputas: (12:15 - 15:30):
https://himolde.cloud.panopto.eu/Panopto/Pages/Viewer.aspx?id=0f8e7595-0f9d-4c09-b950-b40100b3629c