Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskarsnakk LIVE blei arrangert 25.september 2025

Forskarsnakk LIVE

Teksten i jingelen til arrangementet var: «Forskarsnakk – store spørsmål på ein liten plass». Vi spurde nokre av deltakarane kvifor dei ville bruke kvelden på å høyre om forskingsprosjekt. Eit entusiastisk publikum, som talde mellom seksti og sytti personar, skapte ei god ramme rundt arrangementet. Publikum fekk eit velkomponert program med stor variasjon i tema, servert i høgt tempo. Det bidrog til god stemning frå starten av.

Publisert 17.12.2025
En gruppe mennesker som sitter i en sofa
Arve Uglum, kommunikasjonssjef i Helse Førde, var konferansier for kvelden

Forskarsnakket

Pitchane vart presenterte med stor fagleg tyngde og energi, ispedd både humor og sjølvironi. Forskarane fortalde om prosjekta sine, kva som hadde motivert dei til å forske på temaet, og kva resultat dei hadde fått eller forventa å få. 
Inntrykket er at det blir forska på eit breitt spekter av tema, sjølv på ein liten plass.