Forskarsnakk live 17. september!
No kan du høyre meir om kva slags forsking som foregår i nærområdet! Kanskje oppdagar du noko du aldri har tenkt over før, eller vert nysgjerrig på tema du ikkje visste fanst? Dette er forskingsformidling for folk flest!

Under dei årlege Forskingsdagane arrangerar Vilje Helseklynge for tredje gong Forskarsnakk LIVE!
I år er tema for den nasjonale forskingsfestivalen tillit. Frå 16. til 27. september går arrangementa føre seg over heile landet, og i Førde er Forskarsnakk LIVE eitt av fleire høgdepunkt du kan få med deg.
Denne kvelden får du møte både dyktige stipendiatar og seniorforskarar som gjev deg innsikt i kva våre forskingsmiljø forskar på.
Det vert i tillegg underhalding av Kvitre, litt sunn snacks og høve til å kjøpe noko i baren utover kvelden.
Stipendiatgruppa har starta podkastserien Forskarsnakk, og ein gong årleg inviterer vi til Forskarsnakk LIVE. Gjennom podkasten får du innsikt i ulike tema forskarane i Førde fordjupar seg i. Denne kvelden får du ein smakebit av nokre av dei store spørsmåla som opptek forskarane i miljøet til Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde i dag.
Lokasjon: Scandic Sunnfjord hotel & Spa, Larris Scene
Program
18:30 // Dørene opner
19:00 // Programstart
Ted talk: Christian Moltu
Pitsj: Stine Voll Aasen – Gir vi rett kreftbehandling til eldre?
Pitsj: Jeanette Svarstad – Kva har hjerneslag og ein bolle spagetti til felles?
Pitsj: Cecilie Udberg-Helle – Borna som forsvinn frå skulen
Pitsj: Janne-Merete Torset Øien – Kva bør inngå i støtte til eigenmeistring over tid etter fedmeoperasjon?
Musikalsk innslag: Kvinnekoret Kvitre
Pratepause ca. kl 20.
20:15 // Programstart
Ted talk: Kaya Kvarme Jacobsen
Pitsj: Andleeb Zahra – Are Patiens Really Getting Better?
Pitsj: Yejin Lana Ki – Verdien av at demensforebygging startar heime
Sofaprat: Jenny Følling og Christian Moltu – Kva betyr det for lokalsamfunnet at vi har forsking i Sunnfjord?
Samtaleleiar er Gro Rukan.
Refleksjonsprat med Marit Solheim
21:00 // Takk for i dag