Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Statistisk forum

Er du interessert i kvantitativ forsking? Då kan du delta i statistisk forum.

Publisert 20.01.2026
Pil

Statistisk forum er eit tilbod for tilsette og studentar i Helse Førde/Høgskulen på Vestlandet, og for andre interesserte som jobbar med kvantitativ forsking.

I Statistisk forum vil forskarar og statistikarar med særeigen kompetanse på ulike statistiske metodar førelese over relevante grunnleggande tema, ofte med døme frå eiga forsking.

Seminaret er ope for alle, men passar best for dei som sjølve arbeider med kvantitativ forsking på ulike nivå.

Det vert sett av tid til spørsmål og diskusjon etter presentasjonane, og på slutten av kvart seminar vert det gitt råd om vidare sjølvstudium.

Kvart seminar varer 3 timar og vert halde fysisk på Førde sentralsjukehus, men det er òg høve til å delta digitalt.

Kursansvarlege er forskingsrådgjevarane og professorane Eivind Aadland og John Roger Andersen.

Program for vårsemesteret 2026

Seminar 1: Lineær regresjon

Føredragshaldar: Forskingsrådgjevar i Helse Førde/Professor i HVL,  Eivind Aadland

Tid: 5. mars, klokka 12.00–15.00

Påmelding innan 4 mars klokka 15.  

Innhald:

  • Korrelasjon og regresjon
  • Enkel og multippel regresjon
  • Sentrale føresetnader
  • Bruk av kontinuerlege og kategoriske forklaringsvariablar
  • Analysar av tverrsnittsdata, longitudinelle data og effektstudiar
  • Vurdering av konfundering (justering for variablar)
  • Vurdering av moderasjon (interaksjonar mellom variablar)

Seminar 2: Longitudinelle analysar

Føredragshaldar: Statistikar og professor i HVL, Roy Miodini Nilsen

Tid: 11. juni, klokka 12.00–15.00

Meir informasjon kjem.