Statistisk forum
Er du interessert i kvantitativ forsking? Då kan du delta i statistisk forum.

Statistisk forum er eit tilbod for tilsette og studentar i Helse Førde/Høgskulen på Vestlandet, og for andre interesserte som jobbar med kvantitativ forsking.
I Statistisk forum vil forskarar og statistikarar med særeigen kompetanse på ulike statistiske metodar førelese over relevante grunnleggande tema, ofte med døme frå eiga forsking.
Seminaret er ope for alle, men passar best for dei som sjølve arbeider med kvantitativ forsking på ulike nivå.
Det vert sett av tid til spørsmål og diskusjon etter presentasjonane, og på slutten av kvart seminar vert det gitt råd om vidare sjølvstudium.
Kvart seminar varer 3 timar og vert halde fysisk på Førde sentralsjukehus, men det er òg høve til å delta digitalt.
Kursansvarlege er forskingsrådgjevarane og professorane Eivind Aadland og John Roger Andersen.
Program for vårsemesteret 2026
Seminar 2: Longitudinelle analysar
Føredragshaldar: Statistikar og professor i HVL, Roy Miodini Nilsen
Tid: 11. juni, klokka 12.00–15.00
Påmelding innan 10.juni klokka 15:00.
Seminaret er digitalt, og du vil få tilsendt lenke etter du har meldt deg på.
Innhald:
Du får ei grunnleggjande innføring i longitudinelle analysar – metodar som gjer det mogleg å studere endringar i dei same einingane over tid.
Du får innsikt i sentrale utfordringar, som avhengige data, ulike måtar å handtere tid på, fråfall og manglande verdiar.
Vi gir deg også ei oversikt over dei mest brukte metodane, særleg mixed effect models, samt andre relevante tilnærmingar.
Til slutt får du tilrådingar til vidare læring og relevante kurs ved HVL.
Tidlegare seminar:
Seminar 1: Lineær regresjon
Føredragshaldar: Forskingsrådgjevar i Helse Førde/Professor i HVL, Eivind Aadland
Tid: 5. mars, klokka 12.00–15.00
Innhald:
- Korrelasjon og regresjon
- Enkel og multippel regresjon
- Sentrale føresetnader
- Bruk av kontinuerlege og kategoriske forklaringsvariablar
- Analysar av tverrsnittsdata, longitudinelle data og effektstudiar
- Vurdering av konfundering (justering for variablar)
- Vurdering av moderasjon (interaksjonar mellom variablar)