Vendbar seng forenklar kvardagen
Ei ny, vendbar seng vert no testa ut ved ortopedisk sengepost i 7.etasje ved Førde sentralsjukehus. Håpet er at senga kan førebyggje tunge løft og føre til færre vonde ryggar for sjukepleiarane.

Firmaet Bano AS på Sandane har utvikla ei ny seng som kan rotere og få pasientar opp i tilnærma ståande stilling. No ønskjer dei å teste ut senga i ulike miljø på sjukehus og på sjukeheimar. Helse Førde skal difor saman med Gloppen kommune teste senga, og komme med tilbakemeldingar på potensielle forbetringar på produktet.
-Den er allereie til god hjelp for oss, seier, seier fagutviklingssjukepleiar Hege Bjørkhaug. -Eg kan no få pasientar opp i sitjande stilling, snu dei mot glaset, og servere middag med utsikt utan hjelp frå andre.

Helse Førde skal i første omgang teste ut to senger. Seksjonsleiar Håvard Nesse Røneid seier det ikkje er alle typar pasientar som kan bruke senga, mellom anna er senga ikkje godkjend for bruk på pasientar med kognitiv svikt. -Vi trur senga kan eigne seg godt til pasientar som gjennomgår rehabilitering, og vurderer difor å tilby den eine senga til nevrologen, seier Røneid. - Då får vi jo også testa senga i litt ulike kontekstar, og det må jo vere bra for Bano også.
Vestlandsforsking er også deltakar i prosjektet og skal samle inn data på bruken av senga både i Helse Førde og Gloppen kommune. Dette vil gi viktig kunnskap til Bano i vidareutviklinga av produktet. -Vi ser allereie forbetringspotensiale. Du må vere to personar for å køyre senga, og det er jo litt upraktisk viss ein t.d skal transportere ein pasient til røntgen, seier Bjørkhaug. Å vere med i slike prosjekt gir Helse Førde moglegheit til å teste ut ny teknologi, samtidig som ein bidreg til at lokale næringslivsaktørar kan utvikle produkt som er relevante for helsetenesta. Og det beste av alt? Vi får sengene til odel og eige når prosjektet er ferdig.