Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
En by ved siden av en innsjø
Likeverdige helsetenester - uansett kor du bur?

Helseatlas

Nasjonalt helseatlas samanliknar befolkninga si bruk av spesialisthelsetenester gjennom interaktive kart, rapportar og faktaark.

Den nasjonale oppgåva med å utvikle ei nasjonal helseatlasteneste er lagt til Helse Førde i Helse Vest RHF og Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) i Helse Nord RHF.

  • I Norge er det eit mål at heile befolkninga skal ha eit likeverdig tilbod av helsetenester på tvers av geografi og sosiale grupper.
  • Helseatlas er eit verktøy for å samanlikne befolkninga si bruk av helsetenester i forskjellige geografiske områder, uavhengig av kva stad pasientane blir behandla.
  • Dei regionale helseføretaka har eit “sørge-for-ansvar» for at befolkninga i deira opptaksområde blir tilbydd forsvarleg spesialisthelseteneste. Dette “sørge-for-ansvaret» ligg til grunn for helseatlasa sine analyser av variasjon i bruk av helsetenester. Uberettiga variasjon kan bety at «sørge-for-ansvaret» ikkje er tilstrekkeleg ivaretatt.
  • Helseatlas blir utvikla og levert av Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) i Helse Nord, og av Helse Førde i Helse Vest. Helse Nord og Helse Vest fikk i 2015 i oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet å utvikle eit nasjonalt helseatlas i samarbeid med Helsedirektoratet.

Helse Førde har publisert følgande helseatlas:

Møt helseatlas-gjengen i Helse Førde

En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Helseatlasteamet representert ved (f.v.): Oddne Skrede, Knut Ivar Osvoll, Haji Kedir Bedane, Guro Mjanger, Jagrati Jani-Bølstad og Sweta Tiwari.

Helseatlastenesta i Helse Førde er ein del av seksjon for forsking og innovasjon i fag- og utviklingsavdelinga, og har fem tilsette.

Kontaktinformasjon Helseatlas

Navn

Jagrati Jani-Bølstad

Seniorrådgjevar

jagrati.jani-bolstad@helse-forde.no 99 49 51 31
Sist oppdatert 24.08.2026