Dersom du har spørsmål om bruk av Helsenorge, kan du ta direkte kontakt med dei på telefon: 23 32 70 00 kvardagar melloom kl 08.00 og 15.30.
VestDialog
I VestDialog kan du sende brev og dokument til oss via ein sikker kanal. Ettersom sendinga blir kryptert, kan også konfidensielle opplysningar og informasjon som er underlagt teieplikt sendast via VestDialog.
Du kan ikkje endre, avbestille eller be om informasjon knytt til timar, operasjonar eller undersøkingar via VestDialog, då må du bruke helsenorge.no.
Kommunikasjonsavdelinga kan sette deg i kontakt med fagfolka eller leiinga ved sjukehusa våre. Vi kan også hjelpe deg å finne informasjon som er nødvendig for å opplyse ei sak.
Ta kontakt med oss på kommunikasjon@helse-forde.no.
Vi hjelper deg gjerne, men henvendingar som ikkje er akutte bør skje på kvardagar.
Vi jobbar for at alt innhaldet på nettsidene våre skal vere tilgjengeleg for alle. Dersom du finn feil eller manglar knytt til universell utforming av nettsider eller innhald på helse-forde.no, vil vi gjerne at du sender oss ei tilbakemelding om dette.
Har du noko på hjartet sjukehusbesøket?
Lytteposten har telefonnummer 415 30 350, og er eit lågterskeltilbod der du kan gje Helse Førde tilbakemelding på møtet ditt med sjukehuset.
Når pasientar og pårørande har noko å fortelje, så ønskjer vi i Lytteposten å høyre di historie.