Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Informasjon om barn som pårørande

Kva med ungane når eg er sjuk?

Råd til foreldre og omsorgspersonar når familien opplever alvorleg sjukdom.

Et nærbilde av en voksen hånd som holder i en barnehånd

Når nokon i familien er alvorleg sjuk, blir kvardagen endra. Ungar kan bli bekymra og få mange spørsmål og tankar. Hugs at ungar har god fantasi. Viss dei ikkje blir fortalt kva som skjer, lagar dei seg eigne forklaringar.

Her er nokre vanlege tankar som ein kan få i ein slik situasjon:

Dei andre er så triste, har eg lov til å vere glad?
Er det min feil at pappa er sjuk?
Kven skal passe på lillesøster viss eg går ut?
Kva skal eg fortelle vennene mine?

Her er nokre råd til deg

  • Inkluder ungane i situasjonen. Fortell om sjukdommen og behandlinga på ein måte som er tilpassa barnets alder.
  • Prøv å halde på familien og ungane sine kvardagsrutinar, i den grad det er mogleg. Ungane sine fritidsaktiviteter kan vere god avkopling.
  • Søk informasjon om vanlege reaksjonar hos barn og unge når nokon i familien er sjuke. Det kan gjere det enklare for deg å forstå og støtte ungane dine.
  • Informer barnehage, skule og helsesøster om situasjonen i familien. Du treng ikkje fortelje alle detaljar, men nok til at dei som er saman med ungane i kvardagen kan sjå og ta vare på dei.

Helsepersonell har kunnskap og erfaring med å hjelpe familiar som opplever sjukdom. Vi snakkar gjerne med deg om situasjonen i familien din. 

Vi som jobbar her vil gjerne hjelpe deg med:

  • informasjon og råd
  • legge tilrette for besøk på sjukehuset
  • familiesamtale

Ta kontakt med oss om du ønsker hjelp eller rettleiing.

Last ned brosjyra her.

Sist oppdatert 24.04.2026