Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Individuell plan og koordinator

​Har du behov for langvarige og koordinerte tenester frå det offentlege har du rett til ein individuell plan. Dersom det er aktuelt i ditt tilfelle - og du sjølv ynskjer det - skal sjukehuset ta initiativ til dette overfor din heimkommune eller bydel.

Planen skal sikre deg medverknad i behandling og rehabilitering og at alle involverte parter samarbeider. Ein av tenesteytarene skal oppnevnes som koordinator, og skal sørgje for nødvendig oppfølgjing av den enkelte pasient eller brukar.

Koordinator - ein pasientrett

Koordinator skal sikre samordning av tenestetilbod, og framdrift i arbeid med individuell plan. Om pasient og brukar takkar nei til individuell plan, skal vedkomande framleis få tilbod om koordinator.

Pasient og brukar som har behov for komplekse eller langvarige og koordinerte tenester i spesialisthelsetenesta, har rett på koordinator i samsvar med spesialisthelsetenesteloven.

Familiar som har, eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som treng langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester, har rett til barnekoordinator i kommunen etter helse og omsorgstenestelova.

Koordinator sine oppgåver er beskrive i retningslinja «Koordinator i spesialisthelsetenesta».  

Kontakt oss

Har du spørsmål, ta kontakt med avdelinga di eller koordinerande eining.

Maria Ljunglöf

Rådgjevar koordinerande eining

41 48 93 99

 

 

Sist oppdatert 27.05.2026