Rekrutterings- og samhandlingstilskot
Kriterium for tildeling av rekrutterings- og samhandlingstilskot.
Rekrutterings- og samhandlingstilskotet skal bidra til å fremje samarbeidet mellom kommunar og helseføretak. Midlane må nyttast etter ei dokumentert semje mellom partnarane. Alle kommunar i Sogn og Fjordane helsefellesskap og Helse Førde kan søke på midlane.
Regjeringa legg til grunn at det skal vere likeverd mellom kommunar og sjukehus med omsyn til å føreslå korleis midlane skal nyttast, og helsefellesskapa vert trekt fram som ein arena for samhandling som er eigna for å vurdere og prioritere aktuelle tiltak som kan få støtte.
Regjeringa har gjennom revidert nasjonalbudsjett for 2024 tildelt eit varig og øyremerka tilskot til rekruttering og samhandling. Midlane skal støtte opp om tenesteutvikling med tiltak som har potensial for å løyse samhandlingsutfordringar mellom tenestenivåa. Frå 2024 har Sogn og Fjordane helsefellesskap fått ei tildeling på 3,7 mill. kroner.
Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027 og oppdragsdokumentet til dei regionale helseføretaka etter revidert nasjonalbudsjett 2024 gir nokre generelle føringar for tildeling av tilskotet:
- Rekrutterings- og samhandlingstilskotet skal støtte opp under tenesteutvikling og gode pasientforløp gjennom å styrke samhandlinga.
- Midlane skal brukast etter einigheit mellom helseføretak og aktuelle kommunar. Partane skal gjennom avtale synleggjere korleis tiltaket støttar opp om føremålet med tilskotsordninga, og korleis ressursinnsatsen til partane i gjennomføring av tiltaket blir balansert mot framtidige innsparingar.
- Prioriterte grupper er dei fire pasientgruppene med samansette behov, dessutan tenester innanfor svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg, integrert psykisk helseteneste og rusteneste, rehabilitering og tiltak for å redusere talet på utskrivingsklare pasientar som blir liggande på sjukehus.
- Beløpet som blir mottatt i tilskot vil som hovudregel vere ei delfinansiering som supplerer partane sin eigen ressursinnsats.
- Tilskotet kan støtte opp under tiltak som fremjar rekruttering og god bruk av personell i helseregionen på tvers av nivåa.
- Særleg prioritert er tiltak og område som kan få ned ventetidene i sjukehus.
Strategi for Sogn og Fjordane helsefellesskap har følgjande innsatsområde:
- Felles planlegging
- Rekruttering og kompetanse
- Prioriterte pasientgrupper (barn og unge, personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem, eldre med skrøpelegheit, personar med fleire kroniske lidingar og kvinner gjennom svangerskap-, fødsel- og barseltid)
I tillegg har helsefellesskapet ein handlingsplan med konkrete tiltak som føl opp innsatsområda i strategien.
Søknaden må skildre søkarane sin eigeninnsats i form av personell, økonomiske midlar, innkjøp, utstyr eller liknande. Forankring hos leiing i organisasjonane må kome fram av søknaden. Det er krav om forankring på nivå 2 i føretak og hos kommunalsjef i kommunane. Søkarane bør også prøve ut andre finansieringsmoglegheiter.
Tiltak det kan søkast midlar til:
- Tiltak som kan forbetre samhandlinga mellom partnarane
- Tiltak knytt til dei prioriterte pasientgruppene
- Tiltak knytt til helsefellesskapet sin handlingsplan
- Tiltak som gir rask effekt for mange
- Tiltak som er knytt til felles innsatsområde rekruttering, kompetanse og felles planlegging
- Tiltak som utløyser innsats på eitt tenestenivå, men har effekt på eit anna tenestenivå i samhandlingskjeden.
Vurderingsgrunnlag
Søknadane vil bli vurdert etter:
- Samsvar mellom søknaden og hovudmålet til tilskotsordninga, helsefellesskapet sin strategi og innsatsområde og nasjonale og lokale føringar.
- Potensiell nytte for pasientar og overføringsverdi til andre deler av tenestene.
- Potensialet for å løyse konkrete samhandlingsutfordringar
- Om søknaden kan bidra til berekraftige helsetenester, t.d. personellsparande tiltak eller bidra til god ressursutnytting av kompetanse, desentraliserte helsetenester, kutt i reiseveg, rekruttere/behalde personell m.m.
- Potensiale for å fremje fagleg dialog, kompetanseheving og kunnskapsutvikling.
- Realistisk plan for gjennomføring av prosjektet
Søknads- og rapporteringsprosess
Tildeling blir gjennomført i mai og september 2025. Søknadsfrist 28.april 2025 og 28.august 2025.
Midlane vert tildelt for eitt år om gangen, med høve til å søke om vidareføring av prosjekt
Søknad om midlar sendast til samhandlingssekretariatet på eige søknadsskjema: Lenke til skjema
Rapportering skal gjerast innan 15.november kvart år på eige rapporteringsskjema: Lenke til skjema.
Handsaming av søknader
Fagleg samarbeidsutval handsamar søknader og sender grunngjevne tilrådingar i prioritert rekkefølge til strategisk samarbeidsutval. Strategisk samarbeidsutval tek avgjerd om søknader skal innvilgast eller avslåast.
Faste tilskot til samhandlingsarenaer
Samhandlings- og erfaringskonferansen
Partnarane innvilgar inntil kroner 100.000,- av det felles rekrutterings- og samhandlingstilskotet som skal nyttast til støtte for gjennomføring av Samhandlingskonferansen og Erfaringskonferansen.
Beløpet skal primært nyttast til fagleg innhald, samt vere ein stønad til fasilitering som til dømes teknisk bistand og konferanselokale.
Faglege samarbeidsutval
Partnarane set av kroner 20.000,- til kvart av dei faglege samarbeidsutvala.
Utbetaling av tilskot
Innvilga tilskot vil bli utbetalt på følgande måte:
- Dersom hovudsøkar er ei eining i Helse Førde, blir utgifter refundert etter kvart som kostnader blir merka med tildelt prosjektnummer (wbs).
- Dersom hovudsøkar ikkje er ei eining i Helse Førde, blir tildelt tilskot utbetaltetter spesifisert faktura, som må merkast med tildelt innkjøpsordrenummer.
Ordninga skal evaluerast årleg av strategisk samarbeidsutval.