Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Smittevern for kommunehelsetenesta

Smittevernet i Helse Førde er organisert i fag- og utviklingsavdelinga, seksjon for kvalitet og pasienttryggleik.

Med bakgrunn i blant anna «Forskrift om smittevern» og «Delavtale smittevern» som alle kommunane har med Helse Førde, bistår vi med råd og rettleiing i smittevern og førebyggande arbeid til kommunale helseinstitusjonar. Det er etablert ein smittevernkomitè med medlemer frå helseføretak og kommunar som skal drive førebyggande smittevernarbeid, arbeide med overordna satsingsområde for kommunane og å følgje opp delavtalen.

Sentrale punkt i arbeidet vårt er:

  • Førebygging av Helsetenesteassosierte infeksjonar(HAI): som er infeksjonar påført under opphaldet
  • Basale smittevernrutinar: som vernar både pasientane og dei tilsette
  • Antibiotikaresistens: enkelte infeksjonar kan bli vanskeleg å behandle framover
  • Handtering av utbrot som Norovirus og MRSA
  • Infeksjonsovervaking (Prevalens og Insidens)

Prosedyrane som omhandlar desse punkta, skal vere tilgjengeleg i institusjonens Infeksjonskontrollprogram (IKP). Desse, samt undervisningar/førelesingar frå fagdagar ligg tilgjengeleg på sida her.

 

En kvinne som smiler til kameraet

Laila Aarnes

Smittevernsjukepleiar med hovudansvar for kommunehelsetenesta

laila.aarnes@helse-forde.no 57 83 98 41/99 16 02 26

Laila har ansvar for institusjonar i Solund, Gulen, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Høyanger, Sogndal, Kinn og Sunnfjord kommunar, i tillegg til Røde Kors Haugland Rehabilteringssenter.  

En kvinne som smiler til kameraet

Aina Helland

Smittevernsjukepleiar og kontaktperson Lærdal sjukehus

aina.helland@helse-forde.no 57 64 01 40/97 06 93 07

Aina har ansvar for institusjonar i Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal, Årdal og Vik kommunar.  

En person med krøllete hår

Lise Karin Sørensen

Smittevernsjukepleiar og kontaktperson Nordfjord sjukehus

lise.karin.sorensen@helse-forde.no 57 86 40 54/95 28 21 69

Lise har ansvar for institusjonar i Stad, Gloppen, Stryn, Kinn og Bremanger kommunar.

En kvinne som bruker briller

Kari Holvik Furevik

Seksjonsleiar kvalitet og pasienttryggleik

kari.holvik.furevik@helse-forde.no 57 83 98 83/97 09 52 44
Sist oppdatert 23.04.2025