Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
En gruppe dyr

Nyfødtintensiv

Nyfødtintensiv behandlar barn som er født for tidlig (prematur) og sjuke nyfødte.

Liten? Jeg? Langtifra. Jeg er akkurat stor nok. Fyller meg selv helt på langs og på tvers fra øverst til nederst. Er du større enn deg selv kanskje?
-Inger Hagerup-

 

Gratulere så mykje med barnet ditt og velkommen til nyfødtintensiven!

Å få barn er ei stor glede, men kan også vere ei omvelting i livet.

Om barnet treng ekstra hjelp den første tida, og må overvåkast eller behandlast på sjukehus, kan dette følast overveldande. Det kan vere ulike grunnar til at barnet blir overflytta til nyfødtintensiv. Nyfødtintensiv er opptatt av ein familiebasert tilnærming der de får vere saman med barnet mest mulig, slik at de blir trygge i den daglege omsorga og hjelpe barnet inn i ein god rytme med mat, søvn og kvile. 

 

Det kan vere ulike grunner til at barnet ditt kjem til nyfødtintensiv. Det første møte med personalet på nyfødtintensiv kan allerede vere på fødestova om barnet treng assistanse med ein gang barnet er født.  

Når barnet ditt kjem til nyfødtintensiven, vil ein sjukepleiar og lege ta imot barnet. Barnet blir lagt på overvåking, og innan kort tid vil barnelegen undersøke barnet. Ein sjukepleiar vil vere saman med barnet ditt heile tida. Avhengig av behova til barnet vil behandlinga starte fortløpande. Det kan derfor vere mange personar i rommet for å stabilisere barnet.  

Når foreldrene kjem, vil vi først og fremst forklare kva observasjonar og behandling som er starta, og deretter forklare korleis ting vil fungere den nærmaste tida. Vi veit at foreldre har mange spørsmål når barnet er flytta til nyfødtintensiv og vi skal prøve å svare så godt vi kan. Enkelte gongar vil vi måtte sikre at barnet er godt ivaretatt, før vi har tid til å forklare.  

Så snart som barnet ditt er stabilt nok kan de få ta på eller halde barnet, og det er ønskeleg at barnet får ligge hud mot hud. Då kjenner barnet varme, får hudkontakt og blir kjent med lukta av foreldrene.  

I starten kan barnet ditt trenge kontinuerlig overvåking og vil vere  nyfødtintensiv. Vi tilstreber at barnet blir flytta ut på familerom saman med foreldra så rask som mogleg.

En medisinsk maskin med monitor
Nyfødtintensiv

 

 

 

Avdelinga har 3 familierom med ulike moglegheiter for overvåking. Mor blir gjerne flytta til familierom etter fødsel, med oppfølging av jordmor. Når barnet er stabilt og mor er klar for det, blir barnet flytta ut på familierom saman med foreldrene. Dette gjer det mogleg for dykk å vere tett på barnet, bli trygge i den daglege omsorga og hjelpe barnet inn i ein god rytme med mat, søvn og kvile 

Det er forventa at foreldre er aktiv med i omsorga for barnet sitt frå første stund. I løpet av opphaldet skal de gradvis overtar ein større del av omsorga og stellet av barnet. Sjukepleiarane hjelper foreldrene med det daglege stellet og mating av barnet, slik at de lære å observere og tolke barnet sine signal. Vi har eit eige foreldreskjema vi nyttar for å vise kva ein har lært og kva de etterkvart føler dykk trygge på og kan gjennomføre aleine utan pleier.   

Når barnet ditt kjem til Nyfødtintensiv, kan det bli behov for at barnet må ligge på overvåking. Det vil då bli festa ei probe på armen eller foten til barnet, eller begge plassar. Dette er for å følgje med på hjertefrekvens og kor mykje oksygen barnet har i blodet (SpO2). Nokre gangar festar vi også på 3 elektrodar på brystkassa til barnet. Her får vi meir informasjon om barnets hjertefrekvens og pustefrekvens. Verdiane får vi opp på ein skjerm (skop) ved barnets seng. Dette gir oss viktig informasjon om korleis barnet har det. 

Dersom verdien fell utanfor ønska område, vil ein alarm utløysast på skopet. Det kan nokre gangar komme mange alarmar frå skopet uten at situasjonen er så dramatisk, sjølv om det kan høyres slik ut. Veldig ofte vil ein ikkje gjere anna enn å skru av alarmen og observere korleis barnet handterer situasjonen sjølv. Andre gonger er alarmen eit uttrykk for at barnet treng litt hjelp eller støtte. Sjukepleiarane er godt trente i å vurdere dei ulike alarmane og behov for tiltak. 

Husk at det alltid er sjukepleiaren som har ansvaret for barnets overvåking. Når sjukepleiaren ikkje er i rommet vil viktige alarmar overførast til skop-overvåking på mobil. 

Det er heilt normalt å bli redd og engsteleg dei fyrste gangane ein høyrer alarmar frå skopet. Spør gjerne sjukepleiar kva dei ulike verdiane vil sei og korleis dei skal tolkast. 

 

Legane og sjukepleiarane går gjennom behandlinga og plan for omsorg for barnet kvar dag. Deretter ved visitt snakkar ein med dykk om dette. Dette er også ein fin anledning til å stille spørsmål eller ta opp bekymringar de skulle ha. Vi opplever at det kan vere lurt å skrive ned det ein lurer på, då ein fort kan gløyme dette.  

Om barnet er stabilt og det ikkje er endringar i behandlinga er det ikkje sikkert legen kjem innom kvar dag, men legane er alltid på sjukehuset om det skulle vere noko.  

Legevisitt blir stort sett gjennomført på føremiddagen. Legane og sjukepleiarane må prioritere det mest akutte først, så difor kan tidspunktet på legevisitt variere.

Sjukepleiarane har vaktskifte kl 07.15-08.00, 14.30-15.00 og 21.45-22.00. Det er difor ønskeleg at ein ikkje ringer på i desse tidspunkta, om det ikkje er heilt nødvendig.

Nyfødte barn kommuniserer med omverda gjennom kroppsspråk og åtferd. Slik uttrykkjer dei både velvære og stress. For tidleg fødte og sjuke nyfødte kan bruke mykje energi på å mestre sanseinntrykk. Dei er spesielt sensitive og kan gi svakare signal om korleis dei har det. 

Sjukepleiar rettleiar dykk i å tolke barnet si åtferd og svare på signala barnet gir. Her er våre generelle råd: 

  • Gi barnet gode sanseopplevingar ved å vere nær og gi god støtte. Du er den viktigaste personen i livet til barnet ditt. Bruk tida til å bli godt kjent. 
  • Barnet er følsomt for lukt, lyd og lys. Unngå sterke lukter frå parfyme og tobakk på hud og klede. Sterkt lys er ubehageleg og kan påverke både barnet sin søvn og våken tilstand.

    Snakk med lav og roleg stemme. Unngå høge lydar. Mobil, datamaskin og fjernsyn kan vere forstyrrande og bør brukast med varsemd. Ha utstyret på lydlaust eller bruk gjerne hovudtelefonar. Husk å desinfisere telefonen med jamne mellomrom.

  • Gi mykje hud-til-hud kontakt (kengurumetode). Kengurumetoden har positiv innverknad på barnets pust og temperatur,betrar søvn og kvile, og fremjar barnets utvikling, tilknytting og amming.  

    Noko av det viktigaste du kan gjere for barnet ditt er å gi kenguruomsorg. Alle barn kan få kenguruomsorg. Det vil seie at barnet får ligge trygt og godt, hud mot hud, på foreldrene sitt bryst og oppleve hudkontakten. 

    Metoden kenguruomsorg er anbefalt av Verdas Helseorganisasjon (WHO). Forsking har vist fleire positive effektar hos barnet: Det stabiliserer barnets puls, pust og temperatur, fremmar amming, hjelper å regulere barnets søvn og er positivt for barnets utvikling. Kenguruomsorg styrker banda mellom foreldre og barn, og reduserer stress både hos barn og foreldre.  

     

     Vi vil hjelpe dykk og vise dykk korleis de praktisk kan gjennomføre dette. 

    Slik er kenguruomsorg: 

    • Foreldrene sit i lenestol eller seng, med opa skjorte. 
    • Roleg og sikkert blir barnet flytta frå seng til bryst. 
    • Barnets hud er i mest mogleg grad naken, bortsett frå ei bleie, ei lita hue, ev. sokkar. 
    • Barnet ligg i ei oppreist stilling med mage og brystkasse mot forelderen sin brystkasse. Hovudet ligg vendt til ei side, utan at nakken blir strekt. 
    • Teppe eller dyne kan bli brukt på ryggen til barnet for å reire og halde temperaturen. 

    Vi anbefaler at ein bruker kengurumetoden så mykje som mulig på dagtid, og fører dette opp på skjemaet.  

  • Når barnet må gjennomgå smertefulle prosedyrar som ledd i behandlinga, er det godt for barnet at ein forelder er til stades når det er mogleg. Ein del av smertebehandlinga kan vere at du kan halde rundt barnet, gje sukkervatn i munnen, sitte hud mot hud eller amme barnet. Vi har forståelse for at det kan vere vanskelig å sjå på, så om de ikkje ønsker å vere der vil pleiarane gi god støtte og omsorg.

 

 

Den første tida etter fødselen er barnet fysiologisk umodent og kun våken i korte periodar av døgnet. Premature barn trenger støtte frå omgivelsane for å regulere både søvn og våkenheit. Eit prematurt barn kan lett la seg forstyrre og bli overstimulert og kan derfor trenge varsam handtering og stimulering.  Premature og sjuke nyfødde har fleire grader av søvn og vaken tilstand: Djup søvn, lett søvn, døsig, roleg vaken, uroleg vaken og gråt. 

Det kan vere vanskeleg å skilje dei ulike tilstandane og å vite korleis du best kan trøyste og roe barnet ditt. Nyfødde kan trenge hjelp for å regulere mengda av søvn og vaken tilstand. Her spelar foreldra ei viktig rolle. Vi vil støtte dykk gjennom prosessen med å bli kjent med barnet.  

  • I starten kan barnet vere trøtt, og nokre barn må vekkast vist dei ikkje vaknar ved svolt og det går for lang tid mellom måltida. Premature og sjuke nyfødde treng god tid på å vakne.Hald hendene varsamt på barnet og snakk med dempa stemme. Ta av dyne og hald på barnet. Stryk heilt forsiktig. Begynn å ta forsiktig av tepper o.l. Det er viktig at barnet opplever støtte, og i starten kan ein gjerne stå å gi støtte medan den andre steller barnet. 
  • Å være våken med augene opne og ta verden inn visuelt kan være en kraftanstrengelse for barnet. Barnet reagerer gjerne på stemmer og tar seg god tid før det opnar augene. Barnet kan ligge og «glippe» med augene og på denne måten regulere intensiteten på synsinntrykk. Blir inntrykka for intense, kan barnet lukke augene helt og prøve å få sove, eller det kan reagere med uro og gråt. Dette kan indikerer at barnet har behov for støtte og hjelp til å regulere seg.  

Premature og sjuke nyfødde har litt auka risiko for krybbedød. Når overvåking med pulsoksymeter er avslutta, frarår vi deg å sove med barnet hud mot hud. Legg barnet i si eiga seng når du kjenner at du er trøtt og held på å sovne. 

Nyfødtintensiven er opptatt av ein familiebasert tilnærming. Foreldra er dei viktigaste personane for barnet. Derfor ønsker vi at dykk så tidleg som mogleg er med å ta del i stell og den daglege omsorga for barnet. Det vil hjelpe dykk å bli godt kjent med barnet og hjelpe barnet inn i ein god rytme med mat, stell, søvn og kvile. Sjukepleiarane vil vere tilgjengelege for å gi dykk rettleiing og støtte til alle døgnets tider, og behandling av barnet vil alltid vere sjukepleiar sitt ansvar. 

Dagen startar ofte kring 08-09 tida. Då skal barnet ha dagens første stell og måltid. Ved kvart stell målar vi barnets kroppstemperatur, skiftar bleie, dagleg vask, sjekkar navlen og tar evt stell på denne, skiftar plassering på SpO2 målaren barnet har på foten og leieendring i senga. Observer, følg og følg barnet sin atferd. Gi barnet støtte med hendene dine og med tepper/handkle. Om barnet viser teikn på stress eller blir sliten, gi pause og støtte. 

 

Det blir nytta eit skjema for å følge med på dagens måltid, vekt, avføring og urin og kenguruomsorg slik at vi saman kan følge med å observere barnet gjennom døgnet. Det er fint om de kan notere og fylle ut dette når de overtar styringa på stell og måltid.  

 

Ta gjerne med privat klede eller andre personlige eigendelar til barnet. 

Klede, tepper, klutar eller lignande de ønsker at barnet skal ha på seg eller nært seg,  må vaskast på høgast mulig temperatur før bruk. Vi anbefaler vaskemiddel utan parfyme.

Det som ikkje kan vaskast, for eksempel kosedyr, leggast i ein plastpose og frysast i 48 timar før barnet kan bruke det eller ha det nært seg.

 

Eit badestell skal vere ei god oppleving for barnet og foreldra. Det er fint om både begge forelder er delaktig og hjelper kvarandre og barnet.  Premature barn treng støtte og tryggleik under bading. Sjukepleiarane er med å rettleiar fyrste gangane.

Før

Badet må førebuast med det ein treng for å kunne gjennomføre badestellet så godt som mogleg. Det betyr at handkle og tøybleier må ligge klart på stellebordet og gjerne med ein støtterull til overkroppen til barnet for at det skal kjennast trygt for barnet. Nedre del av kroppen blir støtta ved at barnet kan sparke mot magen til den som steller.  

Badevatnet blir laga til like før, og skal halde ein temperatur på 38 grader. Bruk albogen til å kjenne at det er rett temperatur eller eit badetermometer. Dersom vatnet blir for kaldt, vil det ta varme frå barnet, og det vil også vere ubehageleg.  

Under 

Når alt er klart, kler ein av barnet og pakkar det inn i ei tøybleie. Barnet har tøybleia rundt seg under badet. Det er viktig at tøybleia blir halden varm under badet, og er dekka av badevatnet. Slik unngår du at tøybleia kald og at barnet kan bli kaldt.  

Undervegs i badestellet er det viktig å sjå korleis barnet har det. Det kan du sjå på ansiktsuttrykket til barnet, på rørslene og også på hudfarge og pust.  

Barnet blir løfta roleg ned i vatnet. Heile kroppen blir senka ned i vatnet, bortsett frå hovudet. La det få venne seg til å ligge i det varme vatnet før du begynner å vaske.  

Start med å vaske auga først: utanfrå og inn mot augekroken, så ansiktet. Etter ansiktet er vaska, kan ein tilsette olje i vatnet. Hovudbotnen blir vaska, bak øyra og rundt hals og nakke. Alle stader der hud ligg mot hud er viktig å vaske. Deretter bevegar ein seg ned på resten av kroppen, vaskar lett under armane, overkroppen, lett mellom fingrar og tær, og til sist bleieområdet. Heile tida må ein vere merksam på barnet, korleis det reagerer på badet, og om det treng ein liten pause.  

Når sjølve vaskinga er ferdig, er det fint om barnet kan få ligge litt roleg før ein løftar det ut av vatnet og over på stellebordet. Sjølve flyttinga er utfordrande fordi ein må ta vekk tøybleia som barnet har hatt rundt seg. Her kan det vere behov for fleire hender for å hjelpe barnet til å halde kroppen best mogleg samla. Pakk barnet godt inn i dei tørre handklea og la det få hente seg inn igjen med ein liten pause.  

Etter 

Tørk barnet med lette rørsler. Du kan gjerne halde handkledet mot dei ulike kroppsdelane utan å gjere tørkerørsler. Det er spesielt viktig å tørke der hud ligg mot hud. Kle deretter på barnet.

Morsmelk inneheld antistoff som beskyttar barnet mot infeksjonar. For mor bidrar amming til at livmora trekkjer seg saman, reduserer bløding etter fødsel, og det kan verke positivt på mors velvære.  

 

Når amming ikkje er mogleg eller ønskjeleg, finst det gode morsmjølkerstatningar som gir fullverdig næring til det nyfødde barnet.  

 

Morsmelk er den beste ernæringa både for fullborne og premature nyfødde. Den har en ideell samansetning ernæringsmessig, og har i tillegg immunologiske komponentar som beskyttar mot infeksjonar. Pumping av brystmelk er noko positivt du som mor kan gjere for barnet ditt. For å stimulere til melkeproduksjon er det viktig at du startar med handmelking raskt etter fødselen. Etter første døgnet må du begynne med brystpumpe. Det kan ta nokre dagar før det kjem melk, og vi anbefaler at du handmelkar og/eller pumpa kvar 3. tredje time i starten. Ta med kvar dråpe som kjem – dei er meget verdifulle. Tidlig hud mot hud kan også framme melkeproduksjonen. 

 

Det nyfødde barnet får melk i magen heilt frå starten, også dei aller minste. Dei minste vil få maten gjennom ein sonde, som er eit lite plastrøyr som går gjennom munn eller nasa og ned i magesekken. Barnet får små, tilpassa måltid kvar 3. time, eller melka settast opp på ei pumpe som gir melk kontinuerleg gjennom heile døgnet. Sjølv om barnet får mat på sonde kan det være viktig og riktig å legge barnet til brystet i forbindelse med måltida. Nokre barn treng også litt meir næring enn dei klarer å fordøye heilt i starten, då kan vi gi heile eller delar av næringa intravenøst.  

 

Vi følger nøye med på vekta til barnet. Dette for å vurdere kor mykje mat barnet treng. Mandag, onsdag og fredag tar vi nettovekt, det vil sei vekt utan kle og bleie. Dette vil vi helst gjere på morgonen før måltid. Ut frå vekta reknar vi ny måltidsmengd. 

 

Så snart barnet er klart vil vi starte med etetrening. Sjukepleiaren som har ansvar for barnet vil tilpasse dette til barnets behov og gi dykk rettleiing på dette. Om barnet ammar, veg vi barnet før og etter måltid for å sjå kor mykje melk barnet tar frå brystet. Dersom barnet tar flaske måler vi opp kor mykje barnet har ete. Om barnet ikkje klarer å ta heile måltidet sjølv, gir ein resterande på sonde. Foreldrene får oppløring i bruk av sonden og kan etter kvart få styre måltida på denne.

 

Etter kvart som barnet veks og blir flinkare til å ete sjølv kan ein gå over til mat kvar fjerde time. Neste trinn er at barnet får lov å styre dette sjølv og ete når ein vil. Dette kallar vi sjølvregulering.   

 

 

Ammepoliklinikk

Dette er eit poliklinisk tilbud (tysdagar) for deg med tidlegare eller noverende ammeproblemer. På ammepoliklinikken møter du erfarne jordmødre og barnepleiarar som kan hjelpe deg med mellom anna:

  • Kartlegge årsak til problem, finne løysingar og tilby oppfølging
  • For lite mjølk - for mykje mjølk
  • Såre bryst eller smerter ved amming
  • Brystbetenning
  • Amming av barn med spesielle behov
  • Ammesamtale før og etter fødsel for kvinner med til dømes tidlegare ammeproblem
    Du treng ikkje tilvisning til ammepoliklinikk men kan sjølv ta direkte kontakt for time på telefon 57 83 92 33.
    Kvinneklinikken er ein godkjend Mor-barn-vennleg sjukehus og føl faglege retningslinjer frå Nasjonal kompetanseteneste for amming.

Premature og sjuke nyfødde er sårbare og spesielt utsett for infeksjonar. God handhygiene er derfor viktig under heile opphaldet!  

 

Tips til god handhygiene 

  • Hald neglene korte og utan neglelakk.  
  • Ta av deg klokke, ringar og smykke før du reingjer hendene. Du kan enten sprite hendene i 20 sekund eller vaske dei i rennande vatn i 40 sekund. Mobiltelefon må spritast hyppig. Etter kontakt med mobiltelefon/PC må du sprite hendene igjen.  
  • Hald orden på rommet og/eller plassen til barnet. Ikkje plasser vesker, tøy eller utstyr på golvet. Alt som fell i golvet, som dyner, smokkar, kler og tøy må skiftes ut/leggast til vask.  
  • Benytt sko eller sandalar i avdelinga. 
     

Vi ber alle besøkande om å utvise god handhygiene, som er det viktigaste førebyggjande tiltaket mot infeksjonar. Besøkande kan ikkje vere i avdelinga med feber, oppkast eller diaré. Spør personalet viss du er forkjøla. Dei kan heller ikkje ha vore i kontakt med barn som har smittsame barnesjukdommar. Vasskoppar er spesielt farleg for nyfødde. 

Det viktig å halde orden på rommet og/eller plassen til barnet. Ikkje plasser vesker, tøy eller utstyr på golvet. Alt som fell i golvet, som dyner, smokkar, klær og tøy må skiftast ut/leggast til vask. Benytt sko eller sandalar i avdelinga. De må halde rommet reint og ryddig. Dette er både for å verne barnet mot infeksjonar og fordi det skal vere ein triveleg stad for familien og oss som arbeidar der.  

De har sjølve ansvar for å skifte sengetøy x 1 per veke. Personalet skaffar reint sengetøy ved behov. Reinhaldspersonalet har ansvar for dagleg reingjering. 

Kjøleskapet på rommet kan brukast til oppbevaring av morsmelk øverst og privat mat nederst. 

Pumpeutstyr og flasker kan de finne i skapet ut i korridoren. Husk god handhygiene før du plukkar utstyr. Melkekjøkkenet er det kun personalet som har tilgang til. Skitne flasker og utstyr leggast i ein bahaldar på rommet som personalet plukkar med seg.  

Når du har eit barn på nyfødtintensiven kan begge foreldrene normalt få pleiepengar heile perioden barnet er innlagt. 

Du må oppfylle nokon grunnkrav:

  • miste arbeidsinntekt fordi du pleier barnet

  • arbeidstida må være redusert minst 20 %

  • ha minst ca. 65 000 kr i årsinntekt

  • være medlem av folketrygden

 

Pleiepengar dekker vanligvis:

  • 100 % av lønnen din

  • opp til maks 6G (ca. 780 960 kr i året)

NAV beregner beløpet vanligvis ut fra inntekten de siste 3 månedene før du søker.

 

Sosionom:   

Når sjukdom eller skade endrar kvardagen kan du be avdelinga om tilvising til sosionom. Tilbodet er til deg som:  

  • har utfordringar med daglegliv, studiar eller arbeidsliv.  
  • har behov for orientering om ulike velferdsordningar og offentlege tilbod  
  • har barn som er pasient eller barn som er pårørande

I §6 Forskrift om barnets opphold i helseinstitusjon er det lovfesta at foreldre som er hos barn under institusjonsopphold skal få avlastning etter behov. Foreldra kan ha behov eller ønske om å reise heim ein tur under opphaldet, lufteturar ut av avdelinga eller avlastning på natt. Avlastning kan vere individuelt og må vurderast ut i frå kvar enkelt familie og kapasitet i avdelinga. 

Endeleg skal de få ta barnet med heim!

Vegen mot heim kan opplevast for mange langt fram i tid, men vi startar likevel heimreiseplanlegginga tidleg saman med dykk. Barnets alder ved utskriving er individuelt, og det kan vere ulike behov for tilpasningar i heimen. 

 

Nokre familiar drar heim og har avslutta all behandling med oss, medan andre får oppfølging gjennom Avansert heimesjukehus.

Alle barn som reiser heim med avansert heimesjukehus har open kontakt tilbake til avdelinga. Det vil sei at dersom barnet sin tilstand forverrast kan ein ta dirkete kontakt med Nyfødtintensiv, og ved behov reinnleggast.

Om de har avslutta behandling og IKKJE er pasient i avansert heimesjukehus, må du kontakte fastlege eller legevakt. Dersom det er akutt nød, ring 113.

Ein del av de nyfødte og premature kan vere spesielt mottakelege for smittsommer sjukdommar. Vi tilrår å unngå besøk av barn og voksen som er sjuke eller forkjøla. Unngå å ta med barnet på plassar med auka risiko for smitte, t.d kjøpesenter, store forsamlingar, osv.

Råd om foreldre eller søsken er sjuke;

  • god håndhygiene 
  • unngå å hoste eller nyse i barnets nærhet 
  • unngå å kysse det lille barnet 

På nyfødtavdelinga har barnet vært i eit miljø med reduserte sanseinntrykk og stimuli.  Barnet vil ei tid etter utskrivelsen kanskje vere preget av å komt eit miljø med meir lyd, lys og andre stimuli. Det kan de merke for eksempel ved at barnet reagerer med uro og mistrivsel. 

Barnet treng mykje fysisk og psykisk kontakt og samvær med mor/far/søsken for å utvikle seg. Men det har også behov for ro og pauser innimellom. 

Når barnet gråter, er det ikkje nødvendigvis fordi det er svolten. Kanskje barnet vil ha kontakt med deg? Eller kanskje det trenger litt ro, fred og pause fra omgivelsane? Øv deg på å tolke ditt barns signaler! 

Det er lurt å beskytte for tidlig fødte barn mot for mange påvirkningar samtidig og det kan de gjere ved å: 

  • ha en rolig og regelmessig rytme i hverdagen
  • introduser barnet for nye mennesker og nye omgivelser gradvis 

 

 

 

Sist oppdatert 06.03.2026