Helse Førde-stafetten samla små og store til folkefest
Med sol frå nesten skyfri himmel, og jubel i lufta, vart sjukehusområdet i Førde forvandla til ein arena for idrettsglede, aktivitet og fellesskap då Helse Førde-stafetten gjekk av stabelen for 18. gong torsdag 22. mai.

Femteklassingane opna dagen
Allereie frå klokka 09.30 var det liv og røre då femteklassestafetten opna programmet. Over 200 elevar frå skulane i Førde-området deltok i femteklassestafetten. Dei besøkte ulike postar rundt på sjukehuset der dei fekk lære og bli utfordra av engasjerte tilsette. Dei fekk prøve seg på mykje forskjellig, frå pleie til brannslokking med VR-briller. Ute på parkeringsplassen møtte elevane ambulansetenesta. Der fekk dei prøve hjarte-lungeredning og lære kva dei skal gjere i ein nødsituasjon. Mange fekk sitt første møte med sjukehuset, og fekk opplevinga av ein trygg og spennande stad.
– Det var kjekt å sjå kor engasjerte ungane var. Dei stilte spørsmål, engasjerte seg og tok utfordringane på strak arm. Dette er læring og folkehelse på sitt beste, sa Renate Ueland, ansvarleg for femteklassestafetten.
Stafett for alle
Seinare på dagen var det også andre barn og vaksne sin tur. Stafetten samla både tilsette, venner, familier, bedrifter, idrettslag - ja, alle slags folk frå nærmiljøet, til ein ettermiddag fylt med aktivitet, smil, sveitte og heiarop. Nokre sprang for den beste tida, andre kun for moro – men alle sprang for fellesskapet.
– Vi håpar at alle som besøker Førde sentralsjukehus får ei god oppleving her. Vi gler oss alltid til Helse Førde-stafetten, og ønsker alle lykke til, sa administrerande direktør Arve Varden før startskotet gjekk.
Minst 400 barn deltok og 88 lag gjorde konkurransane til ein fest. Løypa slynga seg etter den faste ruta med start og målgang på sjukehuseområdet, og både barn, mosjonistar og meir konkurransedrivne løparar fekk kjenne på både puls og fellesskap.
Meir enn eit løp
Helse Førde-stafetten er meir enn eit idrettsarrangement – det er eit symbol på kor viktig fysisk aktivitet og sosialt fellesskap er for helsa vår. Arrangementet viser korleis sjukehusområdet kan vere ein møteplass for heile lokalsamfunnet, og korleis helsearbeid også handlar om førebygging og livsglede.
- Det er vår ambisjon med å arrangere Helse Førde-stafetten at vi ønsker å gje eitt bidrag til folkehelsearbeidet. Fysisk aktivitet er sjukdomshemmande og har gunstig effekt på ei rekke av dei store folkesjukdommane, og det gir meir psykisk velvære, sa Varden i opningsorda til publikum og deltakarar.
I tillegg til sjølve stafetten, kunne barn og unge prøve seg på rulleski, og utfordre seg i rakettløypa i sjukehusparken. Det var kiosk og program frå scena, og alle deltakarane fekk servert vam lapskaus etter målgang. Dette varma ekstra godt når den småkjølige nordavinden melde sin ankomst utpå kvelden.
– Vi ønskjer å skape ein tradisjon der både tilsette og innbyggjarar kan møtast til ei positiv oppleving rundt sjukehuset. Det handlar om å byggje kultur for helse – saman, avsluttar ein fornøgd stafettgeneral Halvard Brekke i Helse Førde.