Klage og erstatning
Du har rett til å klage til Helse Førde og andre instansar dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar som pasient, eller at du ikkje har mottatt dei helse- eller omsorgstenestene du har krav på. Pårørande kan også ha klagerett.
Dersom du skal klage, må du sende skriftleg klage til den du klager på, det vil seie den eininga i helse- eller omsorgstenesta som har ansvaret for avgjersla du klagar på.
Eininga du klagar på skal vurdere klagen og få mogelegheit til å gjere om på avgjersla. Dersom dei framleis er ueining med deg, sender dei klagen vidare til startsforvaltaren.
Send klage til Helse Førde
Dersom du meiner at pasientrettane dine ikkje er oppfylte, kan du sende inn ein klage til oss.
Klagen må vere skriftleg.
Send klagen elektronisk via VestDialog, trygg sending av brev og dokument.
Du kan også sende klagen per post til:
Helse Førde HF
Postboks 1000
6807 Førde
Innhaldet i klagen
Klagen må innehalde namn og helst fødselsnummer på pasienten. Den må også innehalde kva sjukehus klagen er retta mot, eventuelt avdeling viss ein hugsar det.
Klagen bør også ha informasjon om tidspunkt for hendinga, i tillegg til ei beskriving av hendinga eller hendingane som førte til klagen.
Sjå oversikt over alle Avdelingar i Helse Førde.
Klage på vegne av andre
Dersom du klagar på vegne av andre, må du ha fullmakt frå pasienten eller brukaren, eller vere verje for vedkommande.
Klage frå pårørande blir som regel behandla, men merk at reglane om teieplikt kan hindra helseføretaket i å gi informasjon om pasienten si behandling eller helseforhold dersom det ikkje ligg føre fullmakt.
Psykisk helsevern
Du kan alltid klage på vedtak som handlar om tvungent psykisk helsevern. Både pasienten sjølv og næraste pårørande kan klage.
Ei klage kan gis både skriftleg og munnleg, overfor den som har fatta vedtaket eller overfor anna helsepersonell ved institusjonen. Personale som motteke ei munnleg klage, skal hjelpe med å skrive ned og vidaresende klagen.
Klage på tvang i psykisk helsevern - Helsenorge
Fri rettshjelp
Pasienten har rett til bistand frå advokat eller annan fullmektig i samband med klage i visse tilfelle.
Ved klager som gjeld etablering, oppretthalding eller opphøyr av ei tvangsinnlegging har pasienten krav på at det offentlige betaler for advokatutgifter. Det same gjelder ved klage på overføring til døgnopphald i institusjon, og for klage frå born over 12 år som ikkje sjølv er samde i ei innlegging.
Ved klage på vedtak om tvungen behandling utan eige samtykke, for eksempel tvangsmedisinering eller tvungen ernæring, har pasienten rett på fri rettshjelp i inntil fem timar knytt til klagen.