Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Om helsefellesskapet

Etablering av 19 helsefellesskap i Norge var eitt av tiltaka i Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020 – 2023, og bygde på ein avtale mellom regjeringa og KS om innføring av helsefellesskap for å skape ei meir samanhengande helse- og omsorgsteneste. Sogn og Fjordane helsefellesskap vart etablert i desember 2021.

I helsefellesskapet skal helseføretak og kommunar utvikle og planlegge tenestene saman som likeverdige partnarar. Representantar frå helseføretak, kommunar, fastlegar og brukarorganisasjonar møtast for å planlegge og utvikle tenestene saman. 
 
Sogn og Fjordane helsefellesskap held no på med ei omorganisering (Ny struktur frå i år) men dei overordna organa er som tidlegare år. 

Partnarskapsmøte er det overordna organet der deltakarar er styret/administrasjon frå Helse Førde, og politisk og overordna administrativ leiing i kommunane, samt brukarrepresentantar.

Strategisk samarbeidsutval (SSU) er samansett av administrasjonen frå Helse Førde og utvalde kommunedirektørar og kommunalsjefar.

Arbeidsutvalet består av sekretariatet (Samhandlingskoordinator frå kommunane, samhandlingssjef frå HFD og sekretær), samt leiar og nestleiar i SSU. 

 
Tidlegare var det berre eitt Fagleg samarbeidsutval (FSU), men etter omorganiseringa, er det vedteke at det skal opprettast eitt Fagleg samarbeidsutval (FSU), for kvar av dei prioriterte pasientgruppene. Vi er starta arbeidet med å opprette det første for: Eldre som lever med skrøpelegheit. 
 
Det er brukarrepresentantar i Strategisk samarbeidsutval og skal vere det i kvart av dei Faglege samarbeidsutvala.
Illustrasjon som viser strukturen i helsefellesskapen
Helsefellesskapa bør prioritere utvikling av tenester til: Barn og unge, personar med fleire kroniske lidingar, personer med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem, eldre som lev med skrøpelegheit og kvinner gjennom svangerskap, fødsel og barseltid. Helsefellesskapa skal finne løysingar som er tilpassa lokale behov og føresetnader.
 
Helsefellesskapa bygger på følgande prinsipp:
  • tydlegare samarbeidsstruktur
  • betre felles planlegging
  • auka samordning
  • betre beslutningsprosessar
  • felles virkelighetsforståing
  • tydelege prioriteringar
  • felles sekretariatsfunksjon
Møteplan Sogn og Fjordane helsefellesskap
Partnarskapsmøtet Ettermiddagsmøte Tirsdag 19.05.26 Scandic Sunnfjord hotell
Erfaringskonferansen Dagsamling Tirsdag 15.09.26 Grand Hotel Jølster

 

Strategisk samarbeidsutval (SSU)
Møtevert: Dato: Stad:
Helse Førde 26.02.26  
Kommunane 06.05.26 Sogn
Helse Førde 09.09.26  
Kommunane 18.11.26  
Helse Førde 17.02.27  

 

Sist oppdatert 24.04.2026