Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rekrutterings- og samhandlingstilskot

Kriterium for tildeling av rekrutterings- og samhandlingstilskot.

Rekrutterings- og samhandlingstilskotet skal bidra til å fremje samarbeidet mellom kommunar og helseføretak. Midlane må nyttast etter ei dokumentert semje mellom partnarane. Alle kommunar i Sogn og Fjordane helsefellesskap og Helse Førde kan søke på midlane.  

Regjeringa legg til grunn at det skal vere likeverd mellom kommunar og sjukehus med omsyn til å føreslå korleis midlane skal nyttast, og helsefellesskapa vert trekt fram som ein arena for samhandling som er eigna for å vurdere og prioritere aktuelle tiltak som kan få støtte.

Regjeringa har gjennom revidert nasjonalbudsjett for 2024 tildelt eit varig og øyremerka tilskot til rekruttering og samhandling. Midlane skal støtte opp om tenesteutvikling med tiltak som har potensial for å løyse samhandlingsutfordringar mellom tenestenivåa. Frå 2024 har Sogn og Fjordane helsefellesskap fått ei tildeling på 3,7 mill. kroner.

Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027 og oppdragsdokumentet til dei regionale helseføretaka etter revidert nasjonalbudsjett 2024 gir nokre generelle føringar for tildeling av tilskotet:  

  • Rekrutterings- og samhandlingstilskotet skal støtte opp under tenesteutvikling og gode pasientforløp gjennom å styrke samhandlinga. 
  • Midlane skal brukast etter einigheit mellom helseføretak og aktuelle kommunar. Partane skal gjennom avtale synleggjere korleis tiltaket støttar opp om føremålet med tilskotsordninga, og korleis ressursinnsatsen til partane i gjennomføring av tiltaket blir balansert mot framtidige innsparingar. 
  • Prioriterte grupper er dei fire pasientgruppene med samansette behov, dessutan tenester innanfor svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg, integrert psykisk helseteneste og rusteneste, rehabilitering og tiltak for å redusere talet på utskrivingsklare pasientar som blir liggande på sjukehus. 
  • Beløpet som blir mottatt i tilskot vil som hovudregel vere ei delfinansiering som supplerer partane sin eigen ressursinnsats.
  • Tilskotet kan støtte opp under tiltak som fremjar rekruttering og god bruk av personell i helseregionen på tvers av nivåa.
  • Særleg prioritert er tiltak og område som kan få ned ventetidene i sjukehus.

Strategi for Sogn og Fjordane helsefellesskap har følgjande innsatsområde: 

  1. Felles planlegging 
  1. Rekruttering og kompetanse 
  1. Prioriterte pasientgrupper (barn og unge, personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem, eldre med skrøpelegheit, personar med fleire kroniske lidingar og kvinner gjennom svangerskap-, fødsel- og barseltid) 

I tillegg har helsefellesskapet ein handlingsplan  med konkrete tiltak som føl opp innsatsområda i strategien.

Ordninga skal evaluerast årleg av strategisk samarbeidsutval.

 

Sist oppdatert 19.09.2025