Etablering av ei helserelatert kunnskaps- og næringsklynge i Sogn og Fjordane

Foto: Jostein Vedvik
Deltakarane i prosjektet
På vegner av heile region Sogn og Fjordane søkte Sunnfjord kommune og Helse Førde om støtte i høve etablering av ei helserelatert kunnskaps- og næringsklynge. Satsinga vert finansiert som eit spleiselag av fleire partar både gjennom eigeninnsats og finansiell støtte. Allereie ved oppstart i februar 2025 hadde klynga 29 signerte avtaler frå ulike aktørar; kommunar, næringsliv, verkemiddelapparat osb. Klynga skal jobbe for og i heile Sogn og Fjordane.
Tildelt tilskot i kroner
300 000 NOK
Mål med prosjektet
Aktivitetane i helseklynga skal mellom anna bidra til: 
1.    Fleire samarbeidsprosjekt på tvers av tenesteledd og i lag med fleire sektorar  
2.    Sterkare synleggjering av omfanget og variasjonen av forskings- og innovasjonsprosjekt i regionen med mål om auka attraktivitet og rekruttering til Sogn og Fjordane.
Kva skal prosjektet gjere
Merkevarebygging og marknadsføring:
For å oppnå målsetnadane skal prosjektet i første omgang sette fokus på merkevareprosess (få eit godt samlande namn), og så å få opp og gå ei nettside og aktivitet på mellom anna LinkedIN. Det vert også viktig å ha jamnlege nyheitsbrev frå klynga som viser ulike samhandlingsprosjekt mellom spesialist- og kommunehelsetenesta, akademia, næringslivet og frivillig sektor. 
I tillegg til å nytt eigne kanalar ønsker helseklynga å dele informasjon frå partnarane sine kommunikasjonskanalar for å bidra til ytterlegare spreiing av informasjon om pågåande samarbeidsprosjekt. 
Kor står vi no: Gro Rukan vart tilsett som klyngeleiar og starta i jobben medio mai 2025. Prosessen kring merkevare var det første som vart teke tak i. Anne-Mette Hjelle frå firmaet Ymsir vart engasjert for å leie ein merkevareprosess. I tillegg til ei spørjeundersøking til interessentar i klynga, vart det sendt ut ein invitasjon til ein merkevareworkshop 26. mai. I etterkant har ein landa Vilje helseklynge som namn, fått laga ein logo samt arbeidd med ei nettside som vert lansert i månadskifte august/september.
Møteplassar
Klynga skal skape gode uformelle møteplassar for å bygge sterke relasjonar og nettverk på tvers av fag og sektorar. Slike uformelle møteplassar vil vere ein viktig plass for kunnskaps- og erfaringsutveksling, inspirasjon og nettverksbygging.
Kor står vi no: Lynkurs i innovative anskaffingar var det første arrangementet der Vilje helseklynge var medarrangør. Det er fleire arrangement under planlegging for hausten 2025. Desse vert synlege gjennom nyheitsbrev og på nettstaden.
Kvifor skal dette gjerast
Føremålet med klynga er auka verdiskaping gjennom å jobbe saman om å utvikle kunnskapsbaserte løysingar med utgangspunkt i utfordringar i helsesektoren. Dette gjer vi ved å styrke samhandlinga mellom utdanning, helsesektoren, næringslivet og interesseorganisasjonar i Sogn og Fjordane.
Mykje av det spennande som skjer i vår region er underkommunisert til mange. Klynga skal bidra til attraktivitet og auka rekruttering gjennom å synleggjere omfanget og variasjonen av forskings- og utviklingsprosjekt i regionen.
