Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samhandling om digital heimeoppfølging (DHO) til pasientar med kroniske sjukdommar.

Ein pasient med KOLS som blir fulgt opp av digital heimeoppfølging ute i sjukehusparken i Førde, saman med tre andre

 
Kven er deltakarane i prosjektet

Kommunane Sunnfjord, Stryn, Sogndal, Luster og Helse Førde med tilbod til alle kommunar i Helse Førde Helsefellesskap.
 
Tildelt tilskot i kroner

600 000,-

Mål med prosjektet

Tilby alle kommunar i Helse Førde Helsefellesskap hjelp til å ta i bruk DHO og iverksette og teste ut felles oppfølgingsteneste for pasientar med kols og hjartesvikt.

Kva skal prosjektet gjere

Den som har digital heimeoppfølging (DHO) svarar på spørsmål og gjer målingar gjennom ein applikasjon, og får digital oppfølging av helsepersonell i kommunen ved behov. Slik oppfølging skal gjere innbyggaren i betre stand til å handtere eiga helse, fange opp forverringar tidleg og dermed kunne førebygge behov for legebesøk, reiser og innleggingar.
 
Prosjektet skal bruke erfaringar frå eige og andre sitt arbeid til å hjelpe nye kommunar med å ta i bruk digital heimeoppfølging som ein del av sine helsetenester. I samhandlinga med helseføretaket tilbyr vi felles oppfølgingsteneste for pasientar med diagnosane kols og hjartesvikt. Digital heimeoppfølging kan passe for personar med mange ulike helseutfordringar og diagnosar. Kommunane kan bruke verktøyet uavhengig av helseutfordring, og i samhandling med helseføretak kan fleire diagnosegrupper vere aktuelle å tilby felles oppfølging for.

Kvifor skal dette gjerast (potensiell samfunnsnytte og overføringsverdi?

Teknologi gjer det mogeleg å flytte nokre av oppgåvene helsepersonell tradisjonelt har gjort, ut til brukaren. Dette gjer brukaren meir deltakande og det frigjer ressursar i helsevesenet. Når ein også kan samhandlar og deler data mellom pasient, fastlege, kommune og sjukehus kan ein gje ei tilpassa oppfølging og teneste slik at innbyggaren får eit totalt betre og meir samanhengande tilbod, samtidig som ein sparar ressursar i helsevesenet. Ein får nytta kompetanse i kommunen, legg til rette for kompetanseoverføring mellom sjukehus og kommune, og kan løyse utfordringar på lågast mogeleg nivå. 

 

Sist oppdatert 23.09.2025