Samhandling ved spørsmål om innlegging i sjukehus

Deltakarar
Dette er eit samhandlingsprosjekt mellom medisinsk avdeling i Helse Førde og kommunane Kinn og Gloppen. Deltakarar er Tom Ole Dyrstad, Kjell Arne Nordgård, Jan Helge Dale, Benny Hansen, Stian Sægrov, Helene Sæterdal, Anita Dvergsdal, Torgeir Finjord, Rune Tilseth, Gina Garre-Fivelsedal, Stine Voll Aasen, Inghild Espeland Mowatt
Tildelt tilskot
800.000
Mål med prosjektet
Best mogeleg pasientbehandling, prioritering og ressursbruk. Fremje arbeidsmåtar for berekraftig helseteneste i både kommunane og sjukehusa med optimal pasientbehandling der pasienten bur, bygd på effektivt samarbeid mellom aktørane ved hjelp av elektroniske verkty for kommunikasjon og vilje til å gjere vurderingar i fellesskap.
Kva skal prosjektet gjere
Fokusere på mogleg forbetring av pasientflyt kring spørsmål om innleggingar i sjukehus ved utvida konferering mellom helsepersonell i kommunar og sjukehus.
Kvifor skal dette gjerast (potensiell samfunnsnytte og overføringsverdi)
I lys av folketalsutviklinga med auke i tal eldre pasientar med samansette lidingar og knappheit på helsepersonell og økonomiske ressursar, er det naudsynt med kontinuerleg forbedringsarbeid knytt til samhandling for å prioritere helsehjelp på rett nivå.