Fjerning av Pacemaker
Sjukeheimslegane i Sunnfjord med Mariann Kapstad i spissen, har jobba med ei prosedyre som omhandlar fjerning av pacemaker/ ICD post mortem. Gjengir her deler av prosedyren, då det truleg er relevant for fleire
Formålet med rutinen er å sørgje for at pacemaker eller ICD vert fjerna før kremasjon, då dette er lovpålagt. Ved vanleg gravferd er fjerning ikkje lovpålagt, og det er opp til den enkelte lege å vurdere om implantat skal fjernast.
Helsepersonell skal fjerne implantat når dette er nødvendig. Tidlegare vart dette utført av gravferdsbyrå.
ICD må vere deaktivert før implantat vert fjerna. Deaktivering bør om mogeleg gjerast før dødsfallet. Det skal dokumenterast tydeleg i journal som kritisk informasjon. Dersom det er usikkert om implantat har ICD-funksjon, kan
ambulanse kontaktast for deaktivering før fjerning.
Lege som syner liket kan fjerne implantat sjølv, dersom ein er sikker på at ICD-funksjon er deaktivert eller ikkje finst.
Ved behov kan Avdeling for patologi ved Helse Førde utføre fjerning etter førespurnad (spesialisthelsetenesta har eit "sørge-for-ansvar" for fjerning av implantat etter død). Informasjon om pacemaker og kremering er del av begjæring om gravlegging og/eller kremasjon. Gravferdsbyrået tar kontakt med patologiavdeling for fjerning når det er opplyst behov for dette
Prosedyre: Fjerning av pacemaker etter dødsfall
1. Operatør ifører 2 sett hanskar
2. Identifiser implantatet
3. Legg eit snitt over pacemaker/ICD-implantat
4. Frigjer implantatet, identifiser elektrodane og klipp dei av med tang
5. Fjern pacemaker/ICD-implantat
6. Lukk operasjonsarret med suturar eller lukk såret med mepore
7. Vreng ytterste hanske over implantatet
8. Implantatet skal sorterast som metallavfall i gul smitteboks.
Forkorting:
ICD er implanterbar hjartestartar (Implantable cardioverter defibrillator)
Video som viser prosedyren:
Removing Pacemaker Before Cremation
Referanser:
Lov om obduksjon og avgjeving av lik til undervisning og forsking (obduksjonslova) - Lovdata
Forskrift til lov om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravplassforskriften) - Lovdata
Kardiolog Øyvind Elvetun og personell v patologisk avdeling via avdelingssjef Tonje Bøyum Riste har sett over prosedyren